Julie Ege

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julie Ege

Fødd12. november 1943
FødestadHøyland
Død29. april 2008 (64 år)
DødsstadOslo
Aktive år1967–1998
Verka somskodespelar, modell, venleikstevlingsdeltakar, filmskodespelar
EktefelleAnders Bye

Julie Ege (12. november 194329. april 2008) var ein norsk modell og skodespelar med internasjonal karriere på slutten av 1960-åra og delar av 1970-åra. Ho vart Frøken Norge i 1962, og representerte Noreg i Miss Universe-konkurransen same år.[1][2][3][4][5]

I 2010 vart ei gate i Sandnes sentrum oppkalla etter ho, Julie Eges gate.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Ege vart Frøken Norge i 1962. Ifølgje andre kjelder vart ho nummer to bak Beate Brevik som vann, men som ikkje ville vera med på «sirkuset» og representera Noreg i ein venleikskonkurranse.[treng kjelde] Ege representerte Noreg i Miss Universe-konkurransen seinare same året.

Ho er ein av få nordmenn som har gjesta The Tonight Show starring Johnny Carson. Ho var der to gonger i 1971.

Filmkarriere[endre | endre wikiteksten]

Julie Ege debuterte som filmskodespelar med ein ikkje-kreditert rolle i Robbery og i ei birolle i Stompa til sjøs, begge i 1967. Mest kjend vart ho for sin opptreden i James Bond-filmen On Her Majesty's Secret Service frå 1969, der ho spelte rolla som den skandinaviske venleiken Helen.

Verkeleg internasjonal stjernestatus fekk Julie Ege etter at ho i 1970 spelte mot Marty Feldman i filmen Hissig på grøten (Every Home Should Have One). I dei påfølgjande åra medverka ho i ei rekkje skrekkfilmar for Hammer Film Productions.

Bilete frå James Bond i hemmelig tjeneste (On her Majesty's Secret Service)

Utdanning og nye yrkesval[endre | endre wikiteksten]

Ho flytta til Hokksund etter ho gifta seg med forfattaren Anders Bye. Julie hadde ei dotter frå før og saman med Bye fekk ho enno ei dotter.

Bye sette opp sitt eige stykke, Enge, med Ege i hovudrolla i 1983. Stykket, som vart sett opp for eigne pengar ved Drammens Teater, tok utgangspunkt i heksebrenninga av Ingrid Engeldatter.[6]

Etter å ha avslutta den internasjonale skodespelarkarrieren sin byrja Ege etterutdanning heilt frå grunnen av; ungdomsskuleeksamen, vidaregåande skule, og helsefagarbeiderutdannelse. Tidleg i 1990-åra heldt ho fram på universitetet med å ta ex. phil. og historie grunnfag. Ho var spesielt oppteken av mellomaldermennesket og studerte dagleglivet i denne perioden, men ho fatta òg interesse for samtidshistorie og den nære fortida.

Julie Ege vurderte å gå vidare med engelsk og andre språkfag, men tida som helsefagarbeider hadde òg gjeve meirsmak. Det ende med at ho avla eksamen som sjukepleiar i 1998. Etter dette arbeidde ho på Buskerud Sentralsjukehus. Ho heldt fram å bu i Hokksund etter brotet med Anders Bye.

Sjukdom[endre | endre wikiteksten]

I 1985, berre 42 år gammal, vart Julie Ege ramma av kreft for fyrste gong, og fekk fjerna det eine brystet. Ved å vere open kring operasjonen sette ho ord på noko som den gongen gjerne blei oppfatta som unemneleg. Ho utleverte seg sjølv gjennom fleire portrettintervju der ho reflekterte over livet, døden og sin eigen modellkarriere og berømming. Ho skreiv ein openhjarta biografi, Naken. Som «sexsymbol» hadde Julie Ege i lita grad opptredd naken, men valet av tittel hadde ein dobbel botn: Det var ikkje fyrst og fremst den lettkledde, men meir den uttilslørte, nakne sanninga som vart vist til i tittelen. I boka fortel ho blant anna om det turbulente ekteskapet med Anders Bye.

I 2003 blussa kreftcellene opp att. Denne gongen fekk ho ein vondarta svulst i lungene. Ho døydde av sjukdomen 29. april 2008. Julie Ege etterlét seg dei to døtrene, barnebarn og sambuar.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Robbery (1967)
  • Stompa Til sjøs - Himmel Og Hav (1967)
  • James Bond i løynleg teneste (1969)
  • Every Home Should Have One (1970)
  • Up Pompeii (1971)
  • Creatures the World Forgot (1971)
  • The Magnificent Seven Deadly Sins (1971)
  • Rentadick (1972)
  • Go For a Take (1972)
  • The Final Programme (1973)
  • Nót Now Darling (1973)
  • Kanarifuglen (1973)
  • Craze (1974)
  • Percy's Progress (1974)
  • The Mutations (1974)
  • Bortreist på ubestemt tid (1974)
  • Dr. of Evil (1974)
  • The Legend of the 7 Golden Vampires (1974)
  • Den siste Fleksnes (1974)
  • The Amorous Milkman (1975)
  • Dei Dwaze Lotgevullen von Sherlock Jones (1975)
  • Farleg yrke (1976)
  • Think Dirty (1978)
  • Fengslande dagar for Christina Berg (1988)
  • Blodband (1998)

Sjølvbiografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK. «Julie Ege er død». NRK. 
  2. «Julie Ege er død - Vårt Land». Henta 11. desember 2016. 
  3. «Julie Ege er død». VG. 
  4. «Julie Ege er død | ABC Nyheter». 30. april 2008. 
  5. «"Ha det godt, mamma. Sov nå."». seher.no. 9. mai 2008. 
  6. «Anders Bye (1933–2009) – lokalhistoriewiki.no» (på norsk bokmål). Henta 11. november 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julie Ege