Hopp til innhald

Julie Skarland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julie Skarland
StatsborgarskapNoreg
Fødd1960 (66 år)
Trondheim
Yrkemotedesigner, kunstnar

Julie Skarland (født 1960) er ein norsk motedesignar utdanna ved Studio Berçot i Paris. Ho satsa på klede dei første åra, men har seinare gått over til produksjon av handverk slik som dukar, gryteklutar, vottar, toalettmapper, vesker og smykker. Ho har opna butikk både i Paris og India.

Skarland byrja på arkitekturstudiet ved NTH i 1982, men slutta etter eitt år. Deretter tok ho kjole- og draktlinja ved Brundalen i tillegg til sveinebrevTillskärerakademiet i Stockholm. I 1987 søkte ho seg inn på moteskulen Studio Berçot i Paris. Ho skildra det som eit sjokkarta møte med eit strengt regime, men av de 80 studentane som byrja var ho ein av de 16 som fullførte. Etter to år ved skulen fekk ho jobb hos designaren og parfymøren Jean-Marc Sinan.[1]

Skarland har designa eige merke, «Julie Skarland», som har blitt seld i Japan, USA, England, Italia og Noreg i tillegg til hennar butikk i Paris. Stilen er inspirert av motemetropolen Paris og blanda med norske bakgrunn. I 1991 laga ho kolleksjonar under eige namn og i 1998 opna ho sin fyrste butikk i Paris. Hun har hatt motevisingar og presentasjonar av kolleksjonane på motemesser i Paris, Milano, New York, Oslo, Tokyo og Osaka. Under merket Princess Factory (etablert i 1993)[2] har ho produsert eksklusive plagg som har figurert på omslaget av magasin som Vogue, ELLE og The Face.[1]

I 2005 flytta Skarland til India der ho har produsert ein økologisk kolleksjon basert på indiske råstoff og lokal arbeidskraft.[3] Her gjekk ho gradvis vekk frå klesproduksjon og over til handtverk.[1]

I 2003 viste Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim ei retrospektiv utstilling av ein del av arbeida hennar.[4]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 2003 blei Skarland tildelt prisen «Årets designer for 2002» under Oslo Fashion Awards[5] og i 2007 blei ho tildelt Trondheim kommunes kulturpris for 2006.[5]

  1. 1 2 3 «Julies reise». www.dagsavisen.no (på norsk). 4. oktober 2014. Henta 8. juli 2020.
  2. «Julie Skarland / Utstilling / Kyss frosken / nmfk - Nasjonalmuseet for kunst, arktitektur og design». web.archive.org. 6. mai 2006. Arkivert frå originalen 6. mai 2006. Henta 8. juli 2020.
  3. «JULIE SKARLAND». kunstbanken.no (på norsk bokmål). Henta 8. juli 2020.
  4. «Mote og kunst i Skarlands univers». adressa.no (på norsk bokmål). 7. mars 2003. Arkivert frå originalen 8. oktober 2020. Henta 6. oktober 2020.
  5. 1 2 Gitmark, Hannah (15. januar 2007). «Tidligere designstudent vant kommunens kulturpris». underdusken.no (på norsk). Henta 8. juli 2020.