Julija Tsjepalova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julija Tsjepalova


Julija Tsjepalova i 2005

Statsborgarskap Russland
Fødd 23. desember 1976 (47 år)
Komsomolsk-na-Amure
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1998, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – women's 10 kilometre classical, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 4 × 5 kilometre relay, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 30 kilometre freestyle, Ski-VM 2001, Ski-VM 2005, Ski-VM 2009

Utmerkingar

4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Æresordenen, æra meister av idrett i Russland

Julija Anatoljevna Tsjepalova[a] (fødd 23. desember 1976) er ein russisk tidlegare langrennsløpar frå Komsomolsk-na-Amure. Ho vart olympisk meister på 30 km i 1998 og vann verdscupen i langrenn i 2001, same året tok ho VM-gull i 4×5 km stafett. I 2002 vann ho OL-gull i sprintøvinga, fire år seinare fekk ho sitt tredje OL-gull då Russland vann kvinnestafetten. Året i førevegen tok ho sin andre VM-tittel, då vann ho 15 km jaktstart.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tsjepalova fekk sitt definitive gjennombrot då ho vann 30 km under vinter-OL 1998 i Nagano, og 21 år gammal vart den yngste kvinnelege olympismeister i langrenn. Ho vann verdscupen i 2001-sesongen, i ein sesong der ho vart bronsemedaljevinnar i sprint og gullmedaljevinnar i stafett under verdsmeisterskapen i Lahti.

Under vinter-OL i Salt Lake City i 2002 tok ho tre medaljar, ein i kvar valør. Gullmedaljen kom i sprintøvinga, på 10 kilometer klassisk stil vart det sølv og i 30 kilometer fristil fekk ho bronse.

I ski-VM 2005 i Oberstdorf vann Tsjepalova heile fire medaljar. Ho starta med å ta sølvmedaljen på 10 kilometer fristil, 1,2 sekundar bakk vinnaren Kateřina Neumannová frå Tsjekkia. To dagar seinare vann ho gullmedaljen på 15 kilometer jaktstart, framom norske Marit Bjørgen og Kristin Steira. På 4×5 km stafett måtte ho som ankerkvinne gjekk tapt for Marit Bjørgen og hamna dermed på sølvplass, medan ho på lagsprinten fekk bronse i spann med Alena Sidko.

Tsjepalova tok sine to siste medaljar under vinterleikane i Torino i 2006. Her var ho med på Russland sitt gullag på 4×5 km stafett, medan ho på 30 km fellesstart fekk ein sølv. Ho vart slått i spurten av Kateřina Neumannová, men klarte å vise polske Justyna Kowalczyk til bronseplass.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I august 2009 vart gjort kjent at Tsjepalova hadde avgitt ein positiv dopingprøve den 3. januar i Val di Fiemme. Ho vart utestengd frå idrett av FIS i to år, og ho la deretter opp.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Юлия Анатольевна Чепалова

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]