Julius August Christian Fleischer
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Julius August Christian Fleischer | |
![]() | |
Fødd | 8. september 1907 Fredrikstad |
Død |
17. oktober 2003 (96 år) |
Yrke | diplomat |
Julius August Christian Fleischervar son av grosserer Johan Christian Severin Fleischer (1868–1941) og Amalie Christiansen (1879–1954). Broren, byrettsjustitiarius Carl Johan Seckman Fleischer (1903–81), var far til professor dr.juris Carl August Fleischer. Etter examen artium 1926 arbeidde Julius August Fleischer innan internasjonal shipping til 1937. Han arbeidde for Utenriksdepartementet frå 1937. Etter studieopphald i Tyskland og Frankrike, tok han i 1939 utenriksdepartementets aspirantkurs. Han gifta seg i 1941 med Magnhild Othilie Sundby (1916—1998).[1]
Posteringer[endre | endre wikiteksten]
- 1937–1940 legasjonssekretær og seinare attaché ved legasjonen i Warszawa
- 1940–1947 sekretær og etterkvart chargé d'affaires ved legasjonen i Stockholm, leidd avviklingen av krigsadministrasjonen til legionen.
- 1947–1949 byråsjef og leiar for UDs administrasjonskontor
- 1949–1951 chargé d'affaires a.i. ved legasjonen i Athen, Hellas
- 1951–1958 generalkonsul i Cape Town, Sør-Afrika
- 1958–1962 ambassadør ved Noregs ambassade i Buenos Aires, Argentina
- 1962–1970 generalkonsul i New York City
- 1970–1972 ambassadør ved Noregs ambassade i Bern, Sveits
- 1973–1975 ambassadør ved Noregs ambassade i Santiago de Chile
Fleischer avleverte sina akkreditiv til Chiles president, Salvador Allende, den 29. august 1973.[2] Etter kuppet den 11. september 1973 vart Fleischer skulda for å ha nekta å bistå chilenske opposisjonelle som søkte tilflukt på området til ambassaden. Kritikken kom i særleg grad frå svenske radioreporterar som hadde observert at to chilenske venstre-opposisjonelle som freista å koma unna politien til militærjuntaen, var vorte avvist av ambassaden. Seinare vart det hevda at òg ein anna gruppe var vorten avvist. Etter omfattande kritikk i pressen vart Utenriksdepartementets inspektør for utenrikstjenesten, ambassadør Per Vennemoe, sendt til Santiago for å undersøkja saka. Utanriksminister Knut Frydenlund sende den 1. november diplomaten Frode Nilsen til ambassaden som ambassaderåd med vide fullmakter for å ta seg av flyktninge- og asylspørsmåla ved ambassaden.[3] Ambassadør Fleischer vart noko seinare hjemkalt for "samtalar" i Utenriksdepartementet. I ei utsegn til pressen 21.11 .1973 sa utanriksminister Frydenlund at omtala av tilhøva ved ambassaden i Santiago hadde vore overdrivne i pressen, men etter hans eigen og Utenriksdepartementets meining hadde ambassadør Fleischer forhalde seg for passiv og hadde sett til livs ei haldning som var framandt for det norske synet på det som føregjekk i Chile.[4][5][6] Fleischer heldt fram som ambassadør til Chile til 1975 då Frode Nilsen overtok som ambassadør.
Etter militærkuppet i 1973 tok general Augusto Pinochet (1915–2006) makta.
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- Den Kongelege Norske St. Olavs Orden 1966
- Vasaordenen
- Dronning Elizabeth IIs kroningsmedalje 1953 frå Storbritannia
- Sankt Maiordenen frå Argentina