Julius Grasåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julius Grasåsen
Fødd 31. mars 1897
Død

1986

Julius Grasåsen (31. mars 18971986) var ein bonde og politikar frå Vegårshei.

I yngre år gjekk Grasåsen to år ved Holt landbruksskule og eitt år på Voss folkehøgskule. Elles arbeidde han på farsgarden, og han styrde Arendals-kontoret til Agder Tidend frå 1927 til 1929. Han tok deretter til som bureisingsmann og gardbrukar i heimbygda Vegårshei.

Grasåsen var fylkessekretær i Aust-Agder bondeparti frå 1924 til 38 og på ny 1947-49. Åra 1936-40 reiste han rundt og var tilsynsmann og talar for Norges Bondelag. Stortingsmann for Bondepartiet og Aust-Agder i perioden 1937-45, medlem av sosialkomiteen. Fylkesformann i Bondepartiet frå 1945 og samstundes medlem i landsstyret i partiet.

Grasåsen var gjennom heile livet oppteken av lokalhistorie og skipa i 1985 Vegårshei Bygdetun, som i tillegg fekk namnet Julius Grasåsens Samlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]