Julius Hammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julius Hammer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1798
Død

31. desember 1877 (79 år)

Yrke politikar, prest
Språk norsk

Julius Christopher Hammer (14. mai 179831. desember 1877) var ein norsk prest og stortingsmann frå Bergen. Han var gift med ei dotter av Jacob Neumann.

Hammer var son av Christopher Johannes Hammer (1759-1823), generalvegmeister i Søndre Bergenhus amt. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1815, og cand. theol. i 1824. Året etter vart han utnemnd til sokneprest i Kinn, frå 1830 hadde han same embete i Strandebarm. Den lange perioden 1834 til 1866 var han sokneprest i Haus.

Hammer var 3. representant frå Søndre Bergenhus amtStortinget i 1842, medlem av justiskomiteen. Til dei neste fire stortinga var han vekselvis 2. og 3. varamann.

Han døydde 1877 i fødebyen Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914