Julius Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julius Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1832
Vanse
Død

3. september 1907 (74 år)
Vanse

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Johan Julius Olsen (17. oktober 18323. september 1907) var ein norsk sjømann, skipsreiar og gardbrukar frå Vanse i Vest-Agder.

Olsen var fødd på garden Helvik i Vanse, far hans var gardbrukar og sjømann. Sjølv reiste han til sjøs frå 1847, som skipper frå 1853. I 1871 slo hans seg ned på garden Kjørrefjord i Vanse, vart skipsreiar og dreiv garden. Garden hadde han kjøpt i 1864. Åra 1899-1905 var han medlem av riksskattekommisjonen, då busett i Kristiania.

Olsen var medlem av heradsstyret i Vanse, ordførar 1877-89. Han var medlem av amtsutvalet, og styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Kristiansand frå 1898. Elles var han medlem av kongelege kommisjonar om navigasjonslova (1884) og om tollova (1898).

Olsen representerte Lister og Mandals amtStortinget 1880-88 og 1892-97. Dei fyrste ni sesjonane var han medlem av næringskomite nr 1. Også dei to siste sesjonane var han medlem av næringskomite nr 1, men òg av valkomiteen. I tillegg var han i 1893 medlem av kontraktørkomiteen, 1894 av konsulatkomiteen og 1897 av fullmaktskomiteen.

Olsen døydde på garden sin i Vanse i 1907.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]