Julius Plücker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julius Plücker

Julius Plücker
Fødd16. juni 1801(1801-06-16)
Elberfeld, Hertugdømet Berg
Død22. mai 1868 (66 år)
Bonn i Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdematematikk, fysikk
YrkeMatematikar
InstitusjonarUniversitetet i Bonn
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Humboldt-Universität zu Berlin
Alma materUniversitetet i Bonn
Universitetet i Heidelberg
Humboldt-Universität zu Berlin
Philipps-Universität Marburg
DoktorgradsrettleiarChristian Ludwig Gerling
Kjend forPlücker-formelen
MedlemRoyal Society
Det bayerske vitskapsakademiet

Julius Plücker (16. juni 180122. mai 1868) var ein tysk matematikar og fysikar.

Han var professor i Halle 1834 og frå 1836 i Bonn. Arbeida til Plücker har hatt stor innverknad på utviklinga til analytisk geometri. Han skapte teorien for pol og polare og brennpunkter for vilkårlege algebraiske kurver og innførte homogene koordinatar og trekantkoordinatar. Formalen til Plücker gjev samanhengen mellom mengda singulære punkt av forskjellige typar som ei algebraisk kurve kan ha. Innan fysikken arbeidde han særleg med spektralteori og krystalloptikk, og han skreiv ei større avhandling om korleis eit magnetfelt påverka elektriske utladingar i fortynna gassar. Dei samla avhandlingane hans med biografi kom ut i 1895.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Julius_Plücker» i Store norske leksikon, snl.no.