Her kommer Julius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Juliussangen)
Her kommer Julius
Song av Terje Formoe
Utgjeve 19. mai 1983
Lengd 2.42
Selskap Terje Formoe Records
Tekstforfattar Terje Formoe
Låtskrivar(ar) Terje Formoe

«Her kommer Julius», også kjend som Juliussangen, er ein norsk barnesong skriven og komponert av Terje Formoe. Songen vart framført for første gong i Kristiansand Dyrepark den 19. mai 1983.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Formoe tok kontakt med dåverande direktør i Kristiansand Dyrepark, Edvard Moseid, om å lage ein kassett med tema rundt dyra i dyreparken. Dette fekk han avslag på, men Moseid sa at han kunne skrive ein song om sjimpansen Julius. I løpet av to timar laga Formoe ferdig både tekst og melodi, og innspelinga vart ferdig i akkurat tide til å kome i fjerde og siste episode av NRK-serien om Julius. Songen vart urframført av Formoe i Kjuttaviga amfiteater den 19. mai 1983.[1]

Songen om Julius vart ein slager, og gjekk sin sigersgang i radioprogrammet NorsktoppenNRK Radio.[2] Seinare same året vart songen utgjeven på Formoe-albumet Livet er toppen!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Juliussangen». Kristiansand Dyrepark. Henta 1. juli 2020. 
  2. «Julius-sangen er 30 år». NRK. 16. mai 2013. Henta 1. juli 2020.