Julussdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Julussdalen er eit mindre dalføre i Elverum og Åmot kommune i Innlandet. Julussdalen er om lag 30 km lang, har blandingsskog og noko myrområde. Det er spreidd busetnad i dalføret, særleg i nedre del på Elvarumssiden. Snippen gård ligg heilt sør i Julussdalen. Eldre gardsnamn er Skavhaugen, Julussmoen, Nymoen, Gammelmo, Neverlia og Storbekken, alle på Elverumssida. Julussdalen har mange historiske anlegg med koier, møller og setrer.

Julussdalen har namn etter elva Julussa, som har utspringet sitt frå Bergesjøen 318 m.o.h og renn mot nord gjennom dalføret til Rena i Åmot kommune. Det er truleg at elvenamnet «Julussa» kjem frå «den lydlause». Elva renn nemleg nokså stille og roleg og utan store stryk. Julussa er kjend for stor tømmerfløytingshistorie, og Julussakonflikten i 1927 er nasjonalt viktig. Siste tømmerfløyting der var i 1969.