Junín

Koordinatar: 11°01′S 76°07′W / 11.017°S 76.117°W / -11.017; -76.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Junín
innsjø
Land  Peru
Utløp Upamayo og Mantaro, begge fører vatn til Amazonaselva
Høgd over havet 4082 moh.
Areal 529,88 km²
Koordinatar 11°01′S 76°07′W / 11.017°S 76.117°W / -11.017; -76.117
Kart
Junín
11°01′12″S 76°06′27″W / 11.0201°S 76.1075°W / -11.0201; -76.1075
Wikimedia Commons: Lake Junín

Junín i Peru, kjend som Lago Junínspansk og Chinchaycocha ('Nordre sjøen') på quechua, er den største innsjøen som er omkrinsa av peruansk land, men har langt mindre flatemål enn Titicaca som ligg mest på boliviansk territorium. Sjøen ligg på omkring 4 082 moh. og er ein vektig stad i landet for fuglekikking.

Det meste av innsjøen ligg innanfor Junínprovinsen i Junín-regionen, medan den nordvestre biten ligg innanfor Pascoprovinsen i Pasco-regionen.

Junín er i mykje stor grad omslutta av akvatisk vegetasjon, somme stader vidar plantebeltet seg ut i ei breidd på seks km og vert så tett at det er ugjennomtrengjeleg. Fiskefaunaen er rik, han inkluderer òg fleire artar som er introdusert.

Sjøen ligg innanfor nedslagsfeltet til Amazonaselva. I elva Upamayo finst det eit vasskraftverk som regulerer vassnivået i sjøen. I år med rikeleg regn er fluktuasjonen i vassnivået moderat, men i tørkeår kan nivået gå ned halvannan til to meter og tørrleggje store område.

Frå 1933 har det gått føre seg eit innsig av ureining frå gruveverksemd som har innverka negativt på fiske og fuglefauna i sjøen. Kloakk frå byane Junín og Carhuamayo har òg medverka til overgjødning av vatn og våtmark.

Junín er einaste habitat i verda for den sterkt truga junindukkar, Podiceps taczanowskii, også den sterkt truga juninrikse, Laterallus jamaicensis tuerosi, (underart av perlerikse) er endemisk for denne innsjøen. Juninkorgfugl, Asthenes virgata, er ein annan endemisk art for Peru som har namn etter sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]