Junín-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Junín-regionen (spansk Región Junín, quechua Hunin suyu) er ein region i det sentrale Andes i Peru. Han har grenser mot Pasco-regionen i nord, mot Ucayali og Cuzco i aust, mot Ayacucho og Huancavelica i sør og mot Lima-regionen i vest.

Junín-regionen er på 44 197 km² og har 1 133 183 innbyggjarar (1996). Regionhovudstaden er Huancayo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen har eit mykje ueinsarta landskap med ei fjellkjede og høge platå i vest og lågtliggande tropisk regnskog, delar av det under 500 moh. lengst nord og aust. Meir enn halve arealet av regionen er rekna som tropisk. Som Huánuco og Pasco ligg Junín aust for vatnskiljet. Det største elvesystemet i regionen endar i nordaust som elva Tambo kor ho sluttar seg saman med Urubambaelva frå Cuzco-regionen til Ucayalifloden på grensa til Ucayali. Ucayalifloden er ein del av Amazonasbassenget. Høgste fjella er snødekte: Tunsho (5730 moh.), Antachape (5700 moh.), Sullcón (5650 moh.) og Huaytapallana (5557 moh.). Vegen mellom provinshovudstaden Tarma i Tarmaprovinsen og hovudstaden Lima går gjennom passet Abra de Anticona på 4818 moh. som ligg på regiongrensa berre ca 120 km aust for Lima.

Junín (ca 30 km lang og 14 km brei, 4 082 moh.) ligg i det nordvestlege hjørnet av regionen mot Pasco. Innsjøen er den største som er omkrinsa av peruansk land, men har langt mindre flatemål enn Titicaca som ligg mest på boliviansk territorium.

Junín-regionen har ein gjennomsnittleg temperatur på 13 °C over året med ein gjennomsnittleg maksimum på 17 °C og minimum på 0 °C. Regntida er frå november til april, i tropiske strøk frå desember til mars.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er ei viktig næring og i Mantarodalen dyrkar ein poteter, mais og bondebønner (Vicia faba). Her er òg storfedrift og ullproduksjon. I Chanchamayodalen finst skogplantasjar, kaffiplantasjar og her er fruktproduksjon. Mantaroelva gjev vatn til to vasskraftverk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regionen har hatt folkesetnad frå amazonasindianarar og andre folkeslag som tarumas og huancas. Det er usemje om kva grad inkariket fekk kontroll over alle folkegrupper i regnskogen, til dømes er det få teikn på at yaneshafolket (i dag berre i Pasco-regionen) var påverka av inkaene. Inkavegen gjekk gjennom regionen og Huancayo var ein viktig stad langs vegen mellom Cuzco og nordlege del av riket.

I kolonitida var her ulltekstilproduksjon i såkalla obrajes, og veving og strikking er framleis tradisjon i regionen. Byen Huancayo erklærte sjølvstende i november 1820. Junín-regionen vart tufta av Simón Bolívar i 1825.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i 9 provinsar som igjen er delt inn i til saman 123 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tilsvarande Wikipedia-artiklar på spansk, tysk og engelsk.