June

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flaming June (1895) av Frederic Leighton.
Skulptur av June Gordon, markise av Aberdeen og Temair.

June er eit personnamn som kjem frå engelsk og kan brukast som kvinnenamn og noko sjeldnare som mannsnamn. June har norsk namnedag den 1. juni, saman med Juni.

Namnet blei teke i bruk på 1800-talet. Kvinnenamnet kjem frå det engelske namnet på månaden juni, som igjen stammar frå den romerske gudinna Juno. Det kan òg vera ei kortform av namn som Junius, Junious, Junio og Juniper.

June var eit svært vanleg jentenamn og ein del brukt som gutenamn tidleg på 1900-talet i USA. Som jentenamn nådde det ein topp i 1925 som det 39. mest populære namnet i landet, men blei så gradvis mindre brukt og forsvann frå lista av dei 1000 mest populære namna i 1987. Seinare har bruken teke seg nokoo opp att, og i 2018 var det nummer 241 på lista.[1]

Som gutenamn var June på sitt mest populæer i 1922 med ein 697. plass, men gjekk så tilbake og forsvann frå topp 1000-lista i 1939.

I Noreg var namnet mest brukt frå rundt 1985 til rundt 2000. I 2009 var det 2498 norske kvinner som heitte June.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]