June Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
June Anderson
Fødd30. desember 1952 (71 år)
FødestadBoston
OpphavUSA
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar, musikar
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres

June Anderson (fødd 30. desember 1952) er ein grammypris-vinnande amerikansk dramatisk koloraturasopran. Anderson blei fyrst kjend for bel canto-framføringar av Rossini, Donizetti og Bellini, og var den fyrste ikje-italienaren nokonsinne til å vinn den prestisjetunge Bellini d'Oro-prisen.[1]

Seinare utvida ho repertoaret sitt til å ha med fleire andre roller, mellom anna frå det russiske repertoaret og verk av Richard Strauss. I 2008, blei Anderson utnemnd til Commandeur av Ordre des Arts et des Lettres av dei franske styresmaktene,[2] og i 2007 tok ho imot ein Victoire d'honneur i Victoires de la musique classique i Paris.[3]

Anderson har opptred i kjende operahus som La Scala, Covent Garden, La Fenice, Metropolitan Opera, San Francisco Opera, Lyric Opera of Chicago og Teatro Colón. Ho har samarbeidd med dirigentane Leonard Bernstein, James Levine, Charles Dutoit, Zubin Mehta, Riccardo Muti, Seiji Ozawa, Giuseppe Sinopoli, Kent Nagano og Michael Tilson Thomas.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

June Anderson var fødd i Boston i Massachusetts og voks opp i Wallingford i Connecticut. Ho var elev ved Lyman Hall High School, der ho blei rangert som nummer 5 av 505 avgangselevar i 1970. Ho byrja songstudiar då ho var 11, og då ho var 17 var ho den yngste finalisten (til då) ved Metropolitan Opera-auditionar.[4]

Ho tok ein grad i fransk ved Yale University med cum laude.[5] Etterpå valde ho å konsentrera seg om song. Anderson tok stemmestudiar under Robert Leonard i New York by.[6] Ho hadde fleire auditionar, men fekk i fyrstninga ingen engasjement. Ho gav seg sjølv ein tidsfrist på to år, der ho ville byrja å studera juss om ho ikkje fekk suksess som songar. Ho hadde framleis eit sterkt ønske om å bli songar, og har sagt «I decided I was going to be a singer if it killed me!»[7]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Anderson song i flere produksjonar i området rundt Yale/New Haven medan ho framleis var elev ved high school. I 1968 song ho i ei oppsetjing av L'infedeltà delusa av Haydn ved Yale University. I 1970 song ho rolla som Gilda ved New Haven Opera Company i ei oppsetjing av Rigoletto av Verdi.

Ho hadde den profesjonelle operadebuten sin som Nattens dronning iTryllefløyta av Mozart ved New York City Opera i 1978.[8] Fleire år seinare song ho denne rolla i den oscarvinnande filmen Amadeus regissert av Miloš Forman. I tida ved New York City Opera song ho i ei rekkje ulike operaer, som Den gylne hanen av Rimskij-Korsakov, Rigoletto og La Traviata av Verdi, Il barbiere di Siviglia av Rossini, Giulio Cesare av Handel og Don Giovanni av Mozart (som Elvira). I 1981 song ho dei tre hovud-sopranrollene i Les Contes d'Hoffmann av Jacques Offenbach, den fyrste sopranen til å gjera dette ved New York City Opera sidan Beverly Sills i 1973.[9]

1980-talet[endre | endre wikiteksten]

Anderson forlet New York City Opera i 1982 og la ut på ein karriere i Europa.[10] Dette tiåret var karrieren hennar markert av fleire debutar i typiske bel canto-roller i store europeiskeq operahus. Ho deltok også på innspelingar av operatiske verk som sjeldan blei høyrde på denne tida, som Mosè in Egitto av Rossini, Die Feen av Wagner, La jolie fille de Perth av Bizet, Le postillon de Lonjumeau av Adolphe Adam, La Juive av Fromental Halévy og La muette de Portici av Daniel Auber.

Etter å ha blitt anbefalt til ein italiensk agent av Sherrill Milnes,[11] debuterte ho i Europa i 1982 i tittelrolla i Semiramide av Rossini i Roma. I 1983 debuterte Anderson i Firenze og Genève i tittelrolla i Lucia di Lammermoor av Donizetti, ei rolle som blei ein av dei hyppigaste opptredenane hennar. Ho song òg Die Feen av Wagner i München, og opptredde også i Nord-Amerika: I puritani av Bellini i Edmonton og Il barbiere di Siviglia i Seattle.

I 1984 opptredde ho for fyrste gong som Amina i La sonnambula av Vincenzo Bellini i Venezia. Oppsetjinga debuterte 135 år på dagen etter Maria Malibran si siste Amina i same teater.[12] Ho opptredde også som Marie i La fille du régiment av Donizetti i Parma. I 1985 debuterte Anderson som Isabelle i den historiske gjenoppføringa av Robert le Diable av Meyerbeer i Paris.[13] Same året opptredde ho også i eit sjeldsynt verk av Verdi, La battaglia di Legnano, i Pittsburgh.

I 1986 opptredde ho for fyrste gong som Desdemona i Otello av Rossini i Venezia. Same året debuterte ho ved La Scala i Milano i La sonnambula, og ved Covent Garden i London i produksjonar av Semiramide og Lucia di Lammermoor. Ho opptredde også i La fille du régiment ved Opéra-Comique i Paris.

Anderson vende tilbake til Opéra-Comique i 1987, i rolla som Elvira i I Puritani, og opptredde ved Paris Opera med Alfredo Kraus. I Italia vende ho tilbake til La Scala for å debutera som Giuletta i I Capuleti e i Montecchi, og vende tilbake til Venezia for den fyrste opptredenen sin i Beatrice di Tenda av Bellini.

I 1988 opptredde Anderson også i ein konsertversjon av Beatrice di Tenda ved Carnegie Hall i lag med Opera Orchestra of New York.

Ellles i 1988 konsentrerte Anderson seg om Rossini-roller. Ho spelte si fyrste Armida i Aix-en-Provence, opptredde i Otello ved Pesaro-festivalen, og debuterte som Anna i Maometto II (ein tidleg versjon av Rossini sin Le siège de Corinthe) ved San Francisco Opera (ho hadde tidlegare spelt inn dette verket med Samuel Ramey i 1983). Ho opptredde også i Luisa Miller av Verdi ved Opéra National de Lyon. I 1989 hadde ho ein lenge venta debut ved Metropolitan Opera i New York som Gilda i Rigoletto i lag med Luciano Pavarotti. New York Times skreiv om Met-debuten hennar:

Miss Anderson's debut as Gilda, although belated, could not have been more welcome. The Metropolitan is not rich in artists of this caliber. The tall soprano left America a decade ago to build a phenomenal European career, chiefly in the florid works of Bellini, Donizetti and Rossini. She demonstrated in a Caro nome of exquisite taste, effortless fluidity and pinpoint precision that she is a master of the bel canto style. She is comfortable above high C, but the lower ranges do not suffer in quality or power. The wide leaps of the Caro nome coda were taken effortlessly and squarely on the note. The Met audience does not often hear a trill as thrushlike and as precise as Miss Anderson's, nor a soprano who can soar as grandly over the ensemble in the quartet.[14]

I juli 1989 song ho ved opningsgallaen til den nye Opéra Bastille i Paris, der ho framførte Ombre légère frå Le pardon de Ploërmel av Meyerbeer.[15]

Leonard Bernstein valde henne ut til å opptre som Cunegonde ved ein konsert i London 13. desember 1989 i ei framføring av Candide dirigert av komponisten (som ho seinare delte ein pris med for Best Classical Album ved Grammy-prisane i 1992, for Abbey Road Studios-opptaka frå desember 1989 med same utøvarar og dirigent.[16]

Tolv dagar seinare, igjen med Bernstein, opptredde ho i Berlin på første juledag med ei oppføring av Beethoven sin Symfoni nr. 9 i D-moll ved Schauspielhaus for å feira fallet til Berlinmuren. Konserten blei kringkasta direkte i over tjue land til eit estimert publikum på 100 millionar, og blei framført av eit orkester og kor med deltakarar av mange ulike nasjonalitetar: frå Tyskland, Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks og kor, koret til Berlin Radiosymfoniorkester og medlemmar av Sächsische Staatskapelle Dresden; frå Sovjetunionen medlemmar av orkesteret ved Kirov-teateret, frå Storbritannia, medlemmar av London Symphony Orchestra; frå USA, medlemmar av New York Philharmonic og frå Frankrike medlemmar av Orchestre de Paris.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Det neste tiåret fortsette Anderson å ha tradisjonelle bel canto-roller, men utvida også repertoaret sitt. I januar 1990 framførte ho Berlioz sin songsyslus Les nuits d'été ved Carnegie Hall, med Giuseppe Sinopoli som dirigerte Philharmonia Orchestra frå London. Seinare det året opptredde ho ved Metropolitan Opera i ei storslått oppsetjing av Semiramide av Rossini, i lag med Marilyn Horne og Samuel Ramey. Også i 1990 opptredde Anderson i Pesaro i ein produksjon av den sjeldan oppførte Ricciardo e Zoraide, også av Rossini, og vitja Lyric Opera of Chicago i ein ny produksjon av Lucia di Lammermoor regissert av Andrei Şerban. Ho enda 1990 med ein gallakonsert på nyttårsaftan med Zubin Mehta og New York Philharmonic som blei kringkasta i heile USA i Live from Lincoln CenterPBS.

I februar 1991 vende ho tilbake til Carnegie Hall for å framføra La sonnambula med Opera Orchestra of New York.[17] Same året tok ho del i gallaen for sølvjubileet til den «nye» bygningen til Metropolitan Opera, der ho framørte «Je suis Titania» frå Mignon, dirigert av James Levine. Ho song også med Pavarotti på ein gallakonsert i Teatro Valli i Reggio Emilia i Italia for å markera 30-årsjubileet for den fyrste sceneopptredenen hans. På juledag i 1991 var ho, saman med sopranen Sarah Walker, tenoren Klaus König og bassen Jan-Hendrik Rootering, del i ei framføring av Beethovens 9. symfoni dirigert av Leonard Bernstein i Schauspielhaus i Berlin. Konserten blei teken opp av Deutsche Grammophon og gjeven ut under tittelen Ode an die Freiheit.

I 1992 skapt ho si fyrste Elena i La donna del lago ved La Scala. Dette var den fyrste produksjonen av operaen til operahuset på 150 år, sett opp for å markera tohundreårsjubileet for fødselen til Rossini. Same år opptredde ho i ein kontroversiell ny produksjon av Lucia di Lammermoor ved Metropolitan Opera, sett opp av Francesca Zambello.[18] Edward Rothstein skreiv i The New York Times:

[S]ome of the audience's outrage may have been due to the contrast between the staging and the many musical virtues that survived in the performance, which was the most complete version of the score ever presented at the Met. June Anderson -- who must have had black-and-blue arms by the evening's end, so often was she grabbed and tossed about -- sang Lucia with more and more refined empathy as the opera proceeded....She delivered a mad scene that combined virtuosic control with a lovely, haunting innocence.[19]

Året etter opptredde Anderson som Maria i Mazeppa av Tsjajkovskij, i ei konsertoppføring ved Carnegie Hall smaan med Opera Orchestra of New York. I 1993 opptredde ho også i La traviata av Verdi ved Lyric Opera of Chicago. Chicago Tribune-meldaren skreiv om opptredenen:

The show belongs, of course, to Violetta Valery. Anderson quite simply has done nothing finer for Lyric Opera. She internalized every emotion of the role with her usual intensity and conviction, from desperate gaiety to startled joy at her first stirrings of love for Alfredo, right on through to her deathbed scene, which tugged mightily at the heartstrings of even the most jaded opera-goers Every dramatic gesture seemed careful thought out, yet nothing appeared mannered or merely gratuitous. . . .[H]er fiorature were uniformly true, she was able to project easily throughout the theater even when singing softly (how beautifully she floated the bel canto line of "Addio, del passato", giving us both verses of the aria), and she commanded the audience's sympathy like the canny singing actress she is. Anderson's Violetta lives up to the great Lyric tradition.[20]

Anderson innleidde 1995 med ein opptreden i Paris i lag med Roberto Alagna i ei anna kontroversiell oppsetjinga Lucia di Lammermoor, sett opp av Andrei Şerban med design av William Dudley. International Herald Tribune meldte av Şerban og Dudley blei møtt med eit kor av buing, men skreiv om Anderson:

[T]here were nothing but cheers for the impressive cast. June Anderson is surely the Lucia of the moment, and although she lent herself heroically to the frenetic demands of the staging, she also sang the role with superb possession of her vocal means and understanding of the psychological subtext.[21]

Seinare i 1995 vende Anderson tilbake til Metropolitan Opera i La fille du régiment i lag med Pavarotti. The New York Times skreiv:

Ms. Anderson's take on Marie is a legitimate one. Winsome charm is at a minimum; tomboy toughness takes over. The role is, of course, one of the coloratura soprano's richest gold mines. Ms. Anderson takes its long series of hurdles with courage, adventure and cool beauty of singing. Wearing a uniform as well as she does is no small help to the evening.[22]

Etter å ha opptredd som Desdemona i Otello av Rossini i mange år, debuterte Anderson i same rolla i Verdi sin Otello i Los Angeles i 1995, i lag med Plácido Domingo. Ho opptredde også som Lucrezia for fyrste gong i I due Foscari av Verdi ved Covent Garden. Mot slutten av året debuterte ho som Rosalinde i Die Fledermaus ved Metropolitan Opera.

I 1996 spelte Anderson Jeanne d'Arc i Verdi-operaen Giovanna d'Arco, både i konsertversjonar i New York og Barcelona og i ei sceneoppsetjing i Covent Garden. Ho vende tilbake til Tsjajkovskij i 1996 med si fyrste tolking av Tatjana i Eugen Onegin i Tokyo. Ho opptredde også i La Traviata, med den italienske tenoren Salvatore Fisichella, i Tokyo det året. Ho tok del i gallaen som feira James Levine sitt 25. år ved Metropolitan Opera, og song eit utval frå I Lombardi alla prima crociata med Carlo Bergonzi og Ferruccio Furlanetto. Seinare same året spelte ho inn heile verket med Levine, Luciano Pavarotti, Samuel Ramey og Metropolitan Opera orchestra.

I 1997 hadde Anderson si fyrste tolking av av Norma av Bellini ved Lyric Opera of Chicago. Chicago Tribune skreiv at Andersons «clear, bright upper range was at its clarion best, the soprano singing with strength and nuanced sensitivity». Skodespelet hennar blei også rost: «[D]ramatically, Anderson was exceptional, drawing out all of the conflicting emotions with an intensity tempered by dignity.»[23] Seianre i 1997 vende ho tilbake til Opera Orchestra of New York for si fyrste tolking av Elvira i Ernani av Verdi'.[24] I 1998 snakka Anderson i Opera News om overgangen sin frå lette coloratura-roller til «djupare farvatn»:

I wanted to put it off as long as possible. I kept saying, and it's been quoted so many times, I didn't want to do "Normina." I wanted to do Norma. And Leonora. I didn't want to sound like a soubrette trying to do these things. I've done things like Il Corsaro and La Battaglia di Legnano very early in my career, so Verdi's always been a presence. I did mostly Rigolettos and Traviatas, and then I added Desdemona a few years ago. ... So I suppose Leonora would be next in line."[25]

I 1998 spelte Anderson si fyrste Leonora i Il trovatore av Verdi ved Metropolitan Opera. Besetninga omfatta mellom anna Richard Margison og Dolora Zajick.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

I seinare år har Anderson frå tid til annan vendt tilbaek til tidlegare roller. Ho opptredde som Lucia i São Paulo i 2000 og Aten i 2002, i La traviata ved Metropolitan Opera i 2001 og nye produksjonar av La sonnambula (Opéra de Marseille, 2004) og Maometto II (Bilbao, 2005). Ho fortsette å opptre som Norma, i Parma og Teatro Colón i 2001 og ved Opéra de Marseille og Canadian Opera Company i 2006.

Toronto Star skreiv om Anderson sin opptreden Norma:

[T]he title role is a jewel for any soprano diva's crown. . . .And how very special that one of the great contemporary Normas, American soprano June Anderson, is present to bring down the house. . . . Anderson, a late addition to the cast, has a remarkable dramatic presence. . . Anderson captures the full conflict that besets Norma....The American soprano also captures the role's intimate side, first shown in the famous aria "Casta diva", which invokes the goddess of the moon. Anderson alone is worth the price of admission.[26]

Anderson fortsette også å prøva nye roller, med debutar i Anna Bolena av Donizetti (Pittsburgh 2000) og Le convenienze ed inconvenienze teatrali (Monte Carlo 2004), The Bassarids av Hans Werner Henze (Théâtre du Châtelet, 2005), Il viaggio a Reims av Rossini (Monte Carlo 2005) og Capriccio (Naples 2002) og Daphne (La Fenice 2005) av Richard Strauss. Om debuten hennar i Daphne skreiv meldaren i bladet Opera:

The performance seemed to me an absolute triumph for June Anderson. At a career stage where she could reasonably be expected to scale down effort, ambition and new projects, she has instead taken the admirable decision to continue expanding her artistic range - as this first-ever Daphne (follow-up to her recent first ever Capriccio Countess) demonstrated.... [T]he singing offered countless ravishments: crystalline timbre, clean-cut line-delineation, dead-on-target intonation, awesomely easy projection of one perilously exposed high phrase after another.[27]

I 2007 framførte Anderson Verdi sitt Requiem i Paris med dirigent Christoph Eschenbach pg Orchestre de Paris, Norma i Leipzig, og ved gallaframsyningar i La Fenice i Venezia (juni 2007) og ved Odeon of Herodes Atticus i Aten (juli 2007) i høve 30-årsdagem for døden til Maria Callas. Ho opptredde som Anna Bolena i Bilbao i oktober 2007, og avslutta året med Requiem av Verdi i Manchester og ved St. Pauls katedral i London.

I januar 2008 blei Anderson opphøga frå «Officier» til «Commandeur» av Ordre des Arts et des Lettres av dei franske styresmaktene, den høgaste utnemninga i ordenen for eminente kunstnarar og forfattarar.[2] I 2008 hadde ho konsertar i Aix-en-Provence, Brussel, Bordeaux, Paris, ein opptreden med Kent Nagano som dirigent og Montreal symfoniorkester ved Bel Canto-festivalen i Québec, og ein julekonsert i Genève. I 2009 hadde Anderson tittelrolla i Norma ved Teatro Verdi i Trieste i Italia (february-mars 2009) og Lucrezia Borgia ved Opéra Royal de Wallonie i Liège i Belgia (juni 2009).

I sesongen 2010-11 la June Anderson til to nye roller til repertoaret: Madame Lidoine i Dialogues des Carmelites ved Opéra de Nice og Salome ved Opéra Royal de Wallonie. I 2012 hadde ho nok ein debut som Pat Nixon i John Adams sitt verk Nixon in China ved Théâtre du Châtelet.

Innspelingar i utval[endre | endre wikiteksten]

June Anderson (fødd 30. desember 1952) er ein grammypris-vinnande amerikansk dramatisk koloraturasopran. Anderson blei fyrst kjend for bel canto-framføringar av Rossini, Donizetti og Bellini, og var den fyrste ikje-italienaren nokonsinne til å vinn den prestisjetunge Bellini d'Oro-prisen.[1]

  • Norma (DVD), m. Daniela Barcellona, dirigert av Fabio Biondi, live – Teatro Regio di Parma, 2001 (Tdk DVD/Video)
  • La sonnambula, dirigert av Roberto Cecconi, live – La Fenice, Venice, 1984 (MFOH 10506)
  • Beatrice di Tenda, dirigert av Gianfranco Masini, live – La Fenice, Venice, 1987(OPD-1174)
  • Bellini Opera Arias arias from: I Puritani – I Capuleti e i Montecchi – La sonnambula – Beatrice di Tenda, dirigert av Nicola Rescigno (1987) (EMI – CDC 747561 2)

Gioachino Rossini

  • Semiramide, m. Marilyn Horne, Samuel Ramey, dirigert av James Conlon, live – Metropolitan Opera, 1990 (Image Entertainment)
  • Mosè in Egitto, dirigert av Claudio Scimone (1981) (PHILIPS 420 109-2)
  • Maometto II, m. Samuel Ramey, dirigert av Claudio Scimone (1983) (PHILIPS 412 148-2)
  • Rossini – Soirées Musicales (La regata venezianaIl rimproveroL'orgiaLa partenzaLa serenataLa pastorellaLa pescaLa gita in gondolaLa danzaLa promessaL'invitoI marinai) (1987, 1988) (NIMBUS – NI 5132)
  • Rossini Scenes (arias from: ErmioneSemiramideLa donna del lagoOtelloWilliam Tell- Il viaggio a Reims), dirigert av Daniele Gatti (1991) (LONDON – 436 377-2)
  • La donna del lago, dirigert av Riccardo Muti, live performance La Scala, Milan (1992) (PHILIPS 438 211-2)

Gaetano Donizetti

  • Lucia di Lammermoor, m. Alfredo Kraus, dirigert av Gianluigi Gelmetti, live – Florence (1983) (LS 1117/2)
  • La fille du régiment, m. Alfredo Kraus, dirigert av Bruno Campanella, live – Opéra-Comique of Paris, 1986 (EMI CMS 763128 2)

Giuseppe Verdi

  • Rigoletto, m. Luciano Pavarotti, Leo Nucci, Shirley Verrett, Nicolai Ghiaurov, dirigert av Riccardo Chailly (1989) (LONDON 425 864-2)
  • I Lombardi alla prima crociata, m. Luciano Pavarotti, Richard Leech, Samuel Ramey, dirigert av James Levine (1996) (London 455 287-2)
  • Luisa Miller (DVD), m. T. Ichihara, Paul Plishka, live – Lyon National Opera, 1988 (Kultur Video)

Leonard Bernstein

  • Candide, m. Jerry Hadley, Christa Ludwig, Nicolai Gedda, dirigert av Leonard Bernstein, 1989 (DEUTSCHE GRAMMOPHON 429 734-2)
  • White House Cantata, m. Thomas Hampson, Barbara Hendricks, dirigert av Kent Nagano, 1998 (DEUTSCHE GRAMMOPHON 463 448-2)

Andre komponistar/innspelingar

  • Adolphe Adam, Le postillon de Lonjumeau, dirigert av Thomas Fulton, 1985 (EMI 557106-2)
  • Tomaso Albinoni, Il Nascimento dell'Aurora, dirigert av Claudio Scimone, 1983 (ERATO 751-522)
  • June Anderson Dal Vivo In Concerto (arias from La battaglia di Legnano- Verdi, La sonnambula – Vincenzo Bellini, Lucia di Lammermoor – Donizetti, La traviataVerdi, Semiramide – Rossini) dirigert av Miguel Angel Gomez Martinez, live performance Parma, Italy (1984) (BONGIOVANNI – GB 2504-2)
  • June Anderson and Alfredo Kraus live from the Paris Opera (arias from Rigoletto – Verdi, FaustGounod, Semiramide – Rossini, Lakmé – Delibes, La traviata – Verdi, L'elisir d'amore – Donizetti, Lucia di Lammermoor – Donizetti, La fille du régiment – Donizetti), dirigert av Michelangelo Veltri, live performance Paris (1987) (EMI – CDC 749067 2)
  • Daniel Auber, La muette de Portici, m. Alfredo Kraus, dirigert av Thomas Fulton (1986) (EMI 7492842)
  • Beethoven, Symphony No. 9 in D minor "Choral" – "Ode an die Freiheit" m. Sarah Walker, Klaus König, Jan-Hendrik Rootering, dirigert av Leonard Bernstein, live performance on Christmas Day Schauspielhaus Berlin (1989) (DEUTSCHE GRAMMOPHON – 429 861-2)
  • Bizet, La jolie fille de Perth, m. Alfredo Kraus, dirigert av Georges Prêtre, 1985 (EMI 7475598)
  • French Opera Arias (Arias from Hamlet – Ambroise Thomas, Robert le diable – Meyerbeer, ManonMassenet, Roméo et JulietteGounod, Le pardon de Ploërmel – Meyerbeer, Ivan IVBizet, La vestaleSpontini, Les vêpres siciliennes – Verdi), dirigert av Michel Plasson (1989) (EMI – CDC 754005 2)
  • Fromental Halévy, La Juive, m. José Carreras dirigert av Antonio De Almeida (1986, 1989) (PHILIPS 420 190-2)
  • Massenet, Chérubin (Pinchas Steinberg recording), m. Frederica von Stade, Samuel Ramey, Dawn Upshaw, dirigert av Pinchas Steinberg (1991) (RCA 09026-60593-2)
  • Meyerbeer, Robert le diable, m. Samuel Ramey, dirigert av Thomas Fulton, live performance Opéra de Paris (1985) (Legato LCD 229-3)
  • Mozart, The Magic Flute, m. Barbara Hendricks, Jerry Hadley, dirigert av Sir Charles Mackerras (1991) (TELARC CD-80302)
  • Carl Orff, Carmina Burana, dirigert av James Levine (1984) (DEUTSCHE GRAMMOPHON – 415 136-2)
  • Giovanni Battista Pergolesi, Alessandro Scarlatti, Stabat Mater and Salve Regina m. Cecilia Bartoli, dirigert av Charles Dutoit (1991) (LONDON – 436 209-2)
  • Richard Strauss, Daphne, dirigert av Stefan Anton Reck, live performance La Fenice, Venice (2005) (Dynamic CDS 499/1-2)
  • Ambroise Thomas, Hamlet, m. Thomas Hampson, Samuel Ramey, Denyce Graves, dirigert av Antonio de Almeida (1993) (EMI CDCC 7 54820 2)
  • Wagner, Die Feen, dirigert av Wolfgang Sawallisch, live performance Munich Opera Festival (1983) (ORFEO C 062 833 F)
  • The Metropolitan Opera Gala 1991 (DEUTSCHE GRAMMOPHON DVD 00440-073-4582)
  • James Levine's 25th Anniversary Metropolitan Opera Gala (!996) (DEUTSCHE GRAMMOPHON DVD B0004602-09)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 June Anderson biography, Musicianguide.com; accessed February 2, 2018.
  2. 2,0 2,1 «France Honors Singer June Anderson and Professor Victor Brombert». Arkivert frå originalen April 15, 2008. 
  3. La cérémonie des Victoires "classiques" au rythme de la musique américaine, MSN Actualités Arkivert November 16, 2007, ved Wayback Machine., March 1, 2007.
  4. Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989.
  5. Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989.
  6. June Anderson biography, Musicianguide.com; accessed February 2, 2018.
  7. Opera News, August 1986.
  8. J. Warrack and E. West, The Oxford Dictionary of Opera (1992).
  9. Edward Rothstein, Review/Opera; June Anderson's 'Hoffman' Triple, The New York Times, March 9, 1981.
  10. Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989.
  11. Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989.
  12. Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989.
  13. J. Warrack and E. West, The Oxford Dictionary of Opera (1992).
  14. Donal Henahan, Review/Opera; Review/Opera; Pavarotti and Vocalism Star in Met's 'Rigoletto', The New York Times, November 6, 1989.
  15. Witold Rybczynski, Sounds as Good as It Looks, The Atlantic, June 1996.
  16. «June Anderson». GRAMMY.com. 19 November 2019. Henta 21 July 2021. 
  17. Bernard Holland, Reviews/Music; June Anderson in 'La sonnambula', The New York Times, February 16, 1991
  18. Michael Walsh, Mad, Bad and Dangerous, Time (magazine), December 7, 1992
  19. Edward Rothstein, Review/Opera; Love Among the Ruins: the Met's New 'Lucia' , The New York Times, November 21, 1992
  20. John von Rhein, Chicago Tribune, September 20, 1993
  21. David Stevens, International Herald Tribune, February 1, 1995
  22. OPERA REVIEW; Adopted Daughter Of an Entire Regiment, Bernard Holland, The New York Times, November 6, 1995
  23. John von Rhein, Chicago Tribune, February 6, 1997.
  24. Bernard Holland, Fast-Paced Derring-Do and a Love Quadrangle New York Times, April 8, 1997.
  25. Opera News, February 14, 1998
  26. John Terauds, Toronto Star, March 2006.
  27. Max Loppert, Opera, November 2005.