June Carter Cash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
June Carter Cash
JohnnyCashJuneCarterCash1969.jpg
Fødd23. juni 1929
FødestadMaces Spring
Død15. mai 2003 (73 år)
DødsstadNashville
FødenamnValerie June Carter
OpphavUSA
Aktiv1939–2003
SjangerCountry, folkemusikk, americana, gospel, Appalachian, rockabilly
Instrumentautoharpe, banjo, munnspel, gitar, vokal
PlateselskapLiberty
Verka somsongar, låtskrivar, banjospelar, skodespelar, dansar, plateartist, singer-songwriter
MorMaybelle Carter
FarEzra Carter
Gift medJohnny Cash, Carl Smith, Edwin Lee Nix
BornJohn Carter Cash, Carlene Carter, Rosie Nix Adams

June Carter Cash (fødd Valerie June Carter 23. juni 192915. mai 2003) var ein amerikansk countryartist og låtskrivar og var medlem av den fyrste countrymusikk-familien, The Carter Family, som vart stifta av A.P. Carter, Sara Carter og mor hennar Maybelle Carter. June spela gitar, banjo og autoharpe (eit siter-liknande instrument).

Ho var den mellomste dottera til Ezra (Eck) Carter og Maybelle Carter (Mother Maybelle), og mor til Carlene Carter. Ho gifta seg i 1952 med Carl Smith og seinare med countrylegenda Johnny Cash (1968).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: June Carter Cash