Juni Dahr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juni Dahr
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1953 (70 år)
Oslo
Yrke skodespelar

Juni Vibeke Dahr (fødd 29. juni 1953) er ein norsk skodespelar. Ho har arbeidd både med mellomaldertematikk, Henrik Ibsen sin dramatikk og med moderne eksperimentteater.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Juni Dahr har utdanning frå Statens Teaterhøgskole. For året 1980-1981 blei ho tildelt statleg utdanningsstipendium til å gjennomføra studium ved Grotowski's Laboratory Theater i Polen. For å vidareutvikla seg som skodespelar og scenekunstnar studerte ho i 1986 film og teater ved New York University og ved Actors Studio i New York under Shelly Winters. I 1989 mottok ho eit Fullbright fellowship for å arbeid med prosjektet Female Legends.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter end skodespelarutdanning ved Teaterhøgskulen i Oslo var Juni Dahr i 12 år tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho deltok òg i film og i Fjernsynsteatret, men frå slutten av 1980-talet valde ho å lausriva seg frå institusjonsteatra, og tok steget til å bli uavhengig skodespelar.

Teateroppsetningar[endre | endre wikiteksten]

Juni Dahr si førestilling Joan of Arc – Vision through Fire hadde premiere i Los Angeles i 1988, og har seinare vore oppført på turnear i USA, Russland, Skandinavia og elles i Europa. I 1992 laga NRK ei fjernsynsforestilling over forestillinga. Stykket om Jeanne d’Arc blir framleis spelt på førespurnader dersom omgjevnaden passar.

Ibsen Women – Put an Eagle in a Cage hadde premierar i New York og Los Angeles i 1990, og har seinare vore spelt i USA, Europa, India, Pakistan, Bangladesh, Latin-Amerika, Russland, Kina og Skandinavia. Forestillinga blei òg vist under den første Delhi Ibsen Festival den 18. desember 2008.

I 1994 blei Juni Dahr i høve av Dei olympiske vinterleikaneLillehammer beden om å skapa ei førestilling over Sigrid Undset sin mellomalderroman Kristin Lavransdatter. Med Kristin Lavransdatter har ho seinare turnert i Noreg og i USA, og stykket er òg vore framført i Roma. I 1995 blei denne forestillinga dessutan filmatisert for video.

Med sitt eige ensemble spelte Juni Dahr sjølv hovudrolla som Nora i Et dukkehjem av Henrik Ibsen i leigegardskomplekset Wessels gate 15 på Norsk Folkemuseum. Førestillingane blei spelte i sommarsesongane 2006 og 2008. Leilegheita var frå museet si side allereie innredet etter Ibsens sceneanvisninger. Forestillinga blei òg framført under Stockholms kulturfestival i perioden 12. til 16. august i ei tilsvarande leilegheit i Fjällgatan 34 på Södermalm i Stockholm.[1]

Juni Dahr har mellom anna spelt hovudrolla i oppsetning av Merete Wiger-dramaet Tilfellet Harriet Grinde i 1986.

På film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

I 1990 medverka ho i Roar Skolmen sin dramafilm Lucifer - sensommer gult og sort, som Cylindia Volund i Bent Hamer sin film Eggs (1995), og som «dame i parken» i Hans Petter Moland sin dramafilm Kjøterane til kjærleiken (1995) basert på Peter Tutein sin roman Larsen.

Saman med systera, filmregissøren Eva Dahr, har ho laga to kortfilmar, Dolce Vita, der ho spelar ein kvinneleg skopussar, og Troll.

Juni Dahr har òg medverka i rollen som Benedicte Holst i krimserien Farlig yrkeNRK fjernsynet i 1976, ein serie som heldt fram suksessen med privatetterforskarane Helmer & Sigurdson. Tjue år seinare, vinteren 1996, deltok ho i ein ny krimserie for NRK-TV om den alkoholiserte privatetterforskeren Vilhelm Thygesen, skapt av forfattarern Jon Michelet.

Juni Dahr medverka òg i den dansken-norske thrilleren Mørkets Øy (1997) og svenske Trolösa (2000), som var regissert av Liv Ullmann.

På plate[endre | endre wikiteksten]

  • Opplesar på Håkon Austbø si innspeling av Olav Anton Thommessen sitt melodrama Edda-Da, Aurora ACD 4991 (1995)

Stiftelsen Visjoner[endre | endre wikiteksten]

Ho oppretta 8. mars 1988 Stiftelsen Visjoner, som er engasjert både innanfor teater og film. Juni Dahr er den kunstneriske leiaren til stiftinga, medan Marianne Roland er tilsett som produsent. Stiftinga skal òg vera ein kunstnarisk verkstad der ulike kunstnarar kan få vera med på å utvikla samspel og nye sceniske uttrykk.

Film/TV[endre | endre wikiteksten]

  • Døden i gatene (1970)
  • Farlig yrke (1976) (TV movie) Benedicte Holst
  • Blackout (1986) Stella
  • Dolce vita (1989) (kortfilm) Skopusseren
  • Lucifer Sensommer – gult og sort (1990)
  • Troll (1991) (kortfilm)
  • Eggs (1995) Cylindia Volund
  • Kjærlighetens kjøtere (1995) Kvinne i parken
  • Thygesen (1996) (TV movie) Vera Christophersen
  • Mørkets øy (1997) Wenche Bymoen
  • Trolösa (2000) Margareta
  • Propp og Berta (2001) (dokkefilm) stemmen til heksa

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – mottok Juni Los Angeles Drama Critics' Award for Ibsen Women
  • 1993 – vinnar av San Francisco Critics' Award for si tolking av Ellida Wangel i Henrik Ibsens The Lady from the Sea.
  • 1995 – Ibsenmedaljen, delt ut av Skien kommune
  • 2000 – Grenseløs kommunikasjon, ein kulturpris delt ut av Telenor
  • 2005 – Oslo bys kulturpris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dockhuset plockar av oss våra illusioner». Dagens Nyheter 13. augusti 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]