Hopp til innhald

Junior Eurovision Song Contest 2021

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Junior Eurovision Song Contest 2021
Dato
Finalen19. desember 2021
Vertskap
StadLa Seine Musicale
Paris i Frankrike
ProgramleiarÉlodie Gossuin
Carla Lazzari
Olivier Minne
KringkastarFrance Télévisions
Deltakarar
Deltakarland19[1]
Attende Albania
Armenia
Aserbajdsjan
Bulgaria
Irland
Italia
Nord-Makedonia
Portugal
Ikkje med Kviterussland
Kart
Vinnar
Land Armenia
Song«Kami Kami»
ArtistMaléna Fox
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2020 Junior Eurovision Song Contest 2022

Junior Eurovision Song Contest 2021 (JESC 2021) var den 19. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i La Seine Musicale i Paris i Frankrike, etter at Valentina vann tevlinga i 2020 med songen «J'imagine».[2] Dette var fyrste gongen at Frankrike arrangerte Junior Eurovision Song Contest.[3] Finalen vert arrangert 19. desember 2021.[2] Programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2021 er Élodie Gossuin, Olivier Minne og Carla Lazzari[4]

19 land deltok i tevlinga.[1] Albania, Irland, Italia, Nord-Makedonia og Portugal var alle tilbake til Junior Eurovision Song Contest etter å ha stått over fjorårets tevling på grunn av koronaviruspandemien. Armenia, Aserbajdsjan og Bulgaria returnerte også tilbake i Junior Eurovision Song Contest etter å ha sist deltekne i høvesvis 2019, 2018 og 2016. Kviterussland var for fyrste gong sidan byrjinga av Junior Eurovision Song Contest ikkje med. Årsaka var at den kviterussiske kringkastaren BTRK vart utestengd frå Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) 1. juli 2021.[5][6] Kviterussland kan ikkje deltake i tevlinga før BTRK vert atteropptekne som EBU-medlem, eller dersom ein annan kviterussisk kringkastar vert medlem av unionen.

Vinnaren av tevlinga vart Armenia med songen «Kami Kami», framført av Maléna Fox. Dette var den andre sigeren til Armenia i Junior Eurovision Song Contest, etter å ha vunne i 2010.[7] Polen, Frankrike, Georgia og Aserbajdsjan utgjorde resten av topp fem. Aserbajdsjan fekk si beste plassering i Junior Eurovision Song Contest med sin femteplass.

Visuell design

[endre | endre wikiteksten]

Temaet og slagordet for tevlinga, Imagine, vart presentert 20. mai 2021 under ein pressekonferanse i Rotterdam, Nederland i samband med Eurovision Song Contest 2021.[2] Slagordet vart vald som ein referanse til vinnarsongen frå året føre, «J'imagine», i tillegg til å oppmuntre barn til å vere kreative og følgje sine draumar.[8]

Programleiarar

[endre | endre wikiteksten]

17. november 2021 vart det offentleggjort at tevlinga skulle leiast av tre programleiarar: den fransk-belgiske skodespelaren og tv-programleiaren Olivier Minne, modell, radio- og tv-programleiar og politikar Élodie Gossuin og artisten Carla Lazzari, som representerte Frankrike i Junior Eurovision Song Contest i 2019.[4]

Deltakande land

[endre | endre wikiteksten]
#[9]Land[1]Artist[10]SongSpråkPlassPoeng
01 TysklandPauline«Imagine Us»Tysk og engelsk1761
02 GeorgiaNikoloz Kajaia«Let's Count the Smiles»Georgisk, engelsk og fransk4163
03 PolenSara Egwu-James«Somebody»Polsk og engelsk2218
04 MaltaIke og Kaya«My Home»Engelsk1297
05 ItaliaElisabetta Lizza«Specchio»Italiensk og engelsk10107
06 BulgariaDenislava og Martin«Voice of Love»Bulgarsk og engelsk1677
07 RusslandTatjana Mezjentseva«Mon ami»Russisk, engelsk og fransk7124
08 IrlandMaiú Levi Lawlor«Saor»Irsk, engelsk og fransk1844
09 ArmeniaMaléna Fox«Kami Kami»Armensk og engelsk1224
10 KasakhstanÄlinur Khamzïn og Beknur Zjänibeknuly«Jertegi älemi»Kasakhisk og fransk8121
11 AlbaniaAnna Gjebrea«Stand By You»Albansk og engelsk1484
12 UkrainaOlena Usenko«Vazjil»Ukrainsk6125
13 FrankrikeEnzo«Tic Tac»Fransk3187
14 AserbajdsjanSona Azizova«One of Those Days»Aserbajdsjansk og engelsk5151
15 NederlandAyana«Mata sugu aō ne»Nederlandsk, engelsk og japansk1943
16 SpaniaLevi Díaz«Reír»Spansk1577
17 SerbiaJovana og Dunja«Oči deteta»Serbisk1386
18 Nord-MakedoniaDajte muzika«Green Forces»Makedonsk og engelsk9114
19 PortugalSimão Oliveira«O Rapaz»Portugisisk11101

Røystegjeving

[endre | endre wikiteksten]
Poenggjevande land[11]
Total INR
Tyskland 61 464452
Georgia 163 591275312826127521085
Polen 218 10212410861121541023108758
Malta 97 50682223384144
Italia 107 4065688106164
Bulgaria 77 383310533516
Russland 124 505413712711233412
Irland 44 395
Armenia 224 109105125267667107108212
Kasakhstan 121 57317711124478621
Albania 84 39417688110
Ukraina 125 63781210236212
Frankrike 187 6781268310410781271267
Aserbajdsjan 151 4221010212710110112856310
Nederland 43 344131
Spania 77 47136254243
Serbia 86 6276227
Nord-Makedonia 114 5928551255103
Portugal 101 92441
  • INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 «19 participants for 19th Junior Eurovision Song Contest». Junioreurovision.tv. Henta 2. september 2021.
  2. 1 2 3 «#Imagine: Junior Eurovision set for Paris 🇫🇷». junioreurovision.tv. 20. mai 2021.
  3. «France to host Junior Eurovision Song Contest 2021». junioreurovision.tv. 9. desember 2020.
  4. 1 2 «Bim Bam... Trois! Junior Eurovision hosts revealed 🇫🇷». Junioreurovision.tv. Henta 17. november 2021.
  5. «Belarus: EBU Suspends BTRC's Membership». Eurovoix (på engelsk). 1. juli 2021. Henta 20. august 2021.
  6. «Belarus: EBU expels BTRC from union - Belarus no longer eligible to compete in Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 30. juni 2021. Henta 20. august 2021.
  7. «Maléna wins Junior Eurovision 2021 for Armenia! 🇦🇲». Junioreurovision.tv. Henta 19. desember 2021.
  8. Farren, Neil (20. mai 2021). «Paris to Host Junior Eurovision 2021». Eurovoix (på engelsk). Henta 20. mai 2021.
  9. «Junior Eurovision: Running order revealed… 🇫🇷». Junioreurovision.tv. Henta 13. desember 2021.
  10. «Paris 2021: Participants». Junioreurovision.tv. Henta 25. november 2021.
  11. «Paris 2021». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]