Junkers Ju 52
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Junker Ju 52 med kallenamn «Tane Ju», var eit kombinert passasjar- og transportfly produsert 1932 – 1945 av Junkers. Prototypen flaug fyrste gong 13. oktober 1930. Den var konstruert av Ernst Zindel ved Junkers-fabrikkane i Dessau. Flyet sitt «bølgjeblikk»-skrog gav flyet ei karakteristisk kasse-liknande utsjånad.
Innhaldsliste
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Flyet var ein viderutvikling av, og hadde likskapstrekk med andre Junkers-fly, til dømes W33/W34. Dei var utstyrt med éin motor, vekselsvis produsert av BMW og Junker, men allereie under dei første prøveflyvningsne vart det klårt at flyets yteevne var utilstrekkeleg. Det vart difor utvikla ein modell med 3 motorar kalla Ju52/3m. Den nye utgåva var først utstyrd med tre Pratt & Whitney Hornet motorar som seinare vart erstatta med BMW 132 motorar. Dei to ekstra motorane gav flyet ein betre yteevne og større lastekapasitet. Eksportmodellane vart oftast utstyrd med Pratt & Whitney Wasp eller Bristol Pegasus motorar.
Sivil teneste[endre | endre wikiteksten]
I utgangspunktet var flyet meint å vera eit frakt- og postfly. Med 15 – 17 sitteplassar vart flyet populært som passasjerfly og Junker fekk bestillinger frå land i Sør-Amerika, Sør-Afrika og fleire land i Europa. I Noreg bestilte Det Norske Luftfartselskap (DNL) i 1935 tre fly med flottørar. DNLs fly vart opphavleg levert med Hornet-motorar.
Militær nytte[endre | endre wikiteksten]
Ju 52 vart først brukt som militærfly under den spanske borgarkrigen både til troppetransport og til transport av fallskjermsoldatar. Flyet vart òg nytta som bombefly under bombinga av Guernica. Luftwaffe brukte flyet under heile den andre verdskrigen, inklusive invasjonen av Noreg 9. april 1940.
Ju 52 var eit relativt langsamt fly med ein toppfart på 265 km/t. Det var i tillegg lett væpna. Det var difor naudsynt med jagereskorte, men tapa vart likevel store. Ved slutten av krigen vart mange eksemplar hugga opp, men enno finst det flyet igjen i museum over heile verda. Ei lita mengd er enno i bruk som veteranfly.
Produksjonen av Ju 52 opphøyrde i Tyskland i 1945, men heldt fram i Frankrike og Spania fram til 1949. Det er tilsaman bygd 5 415 Ju 52. Av desse vart 400 bygget i Frankrike og 170 i Spania.
Ju 52 er òg den flytypen som kan notera lengst levetid. Dei siste Ju 52 var i bruk av Sveits' flyvåpen og vart teke ut av teneste i 1982.
Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]
Ju 52/3m | |
---|---|
Dimensjonar | |
Vengespenn | 29,25 m |
Vengeareal | 110,50 m² |
Lengd | 18,80 m |
Høgd | 4,50 m |
Vekt | |
Nettovekt | 6 560 kg |
Maksimal startvekt | 10 515 kg |
Ytingar | |
Toppfart | 260 km/t |
Klatrehastigheit | 3,47 m/sek |
Topphøgde | 5400 m |
Rekkjevidd | 1400 km |
Anna | |
Motorar | 3 × BMW 132T-2 stjernemotorar (830 hk) |
Bestykning | 3 × 7,92 mm mitraljøser |
Norskregistrerte Ju 52[endre | endre wikiteksten]
Følgjande Junker Ju 52 har vore registrert i Norges luftfartøyregister:
- LN–DAE «Havørn», forulykket 16. juni 1936 – Havørn-ulukka.
Den 9. april 1940 vart DNLs tre fly beslaglagt av okkupasjonsmakta:
Etter 1945 fekk DNL tilbake to tidlegare fly:
- LN–DAF omregistrert LN–KAG «Tyrihans».
- LN–DAH omregistrert LN–KAF «Askeladden».
Frå Luftwaffe overtok DNL sju fly:
- LN–LAB – havarert på Snarøya 22. mai 1946 – Snarø-ulukka.
- LN–KAD «Per» – opphogge 14. november 1950.
- LN–KAE «Pål» – opphogge 28. november 1950.
- LN–KAB «Tyrihans» – opphogge 25. mai 1948.
- LN–KAI «Peik» – opphogge 25. mai 1948.
- LN–KAU «Ulabrand» – brukt til reservedelar.
- LN–KAL – brukt til reservedelar.
til Museums- og veteranfly[endre | endre wikiteksten]
Det finst fleire Ju 52 i fly- og transportmuseum. I Noreg finst ein Ju 52 i militære fargar ved Forsvarets flysamling, Gardermoen, og ein sivil variant ved Norsk Luftfartsmuseum i Bodø.
- HB–HOP, Ju 52/3m – eig: Ju-Air, Dübendorf Air Base i Sveits.
- HB–HOS, Ju 52/3m – eig: Ju-Air, Dübendorf Air Base i Sveits.
- HB–HOY, CASA 352A-3 – eigar: Ju-Air, vanlegvis plassert i Mönchengladbach i Tyskland eller på Dübendorf Air Base.
- D–CDLH, Ju 52/3m – eigar: Deutsche Lufthansa Berlin-Stiftung (sjå under).
- ZS–AFA, CASA 352 – eigar: South African Airways Historic Flight, Swartkop i Sør-Afrika.
- N352JU, CASA 352L – eigar: Commemorative Air Force, Gary Regional Airport, Indiana, USA.
- F–AZJU, CASA 352 – eigar: Amicale J.B. Salis Cerny/La Ferté Alais ved Paris i Frankrike.
DNLs «Askeladden», no D–CDLH[endre | endre wikiteksten]
Det eldste eksemplaret vart produsert i 1936 for Lufthansa og var registrert som D–AQUI «Fritz Simon». Flyet vart selt til DNL i 1936 som erstatning for «Havørn» som gjekk tapt i Havørn-ulukka og vart registeret LN–DAH «Falken». Detta vart konfiskert av z>Luftwaffe i 1940 og fekk då attende sin gamle registrering D–AQUI og namnet «Kurt Wintgens» – eit flygaress frå første verdskrig.
Etter krigen kom flyet tilbake til DNL og vart brukt på Finnmaksruten fram til 1956. Flyet vart tilbode Norsk Teknisk Museum, som måtte avstå frå å motta gåva på grunn av plassmangel. Det vart då lagt ut for sal. Etter eitt år vart det selt til Transportes Aereos Orientales i Ecuador, og fekk den nye registreringa HC–ABS «Amazonas». Det vart teke ut av teneste i 1963 og vart så ståande på Quito Airport i fem år. Deretter vart flyet kjøpt av den tidlegare jagerflygaren i American Air Force, Lestar Weaver for 52 500 dollar og vart registrert som N130LW. Dei amerikanske luftfartsstyresmaktene nekta likevel å sertifisera det til anna enn bruk til framsyning på flystemne og liknande.
Flyet vart så kjøpt av flygaren og forfattaren Martin Caidin (1926 – 1997) for 150 500 dollar, som registrerte det som N52JU «Iron Annie». Caldin brukte to år på å setja flyet i stand og fekk sertifisert det i 1976 utan restriksjonar. Han heldt på det fram til desember 1984 då det vart kjøpt tilbake av Lufthansa og vart floge til Hamburg via Grønland, Island og England. Etter eitt år med omfattande restaurering, byrja det sin nye karriere med rundflygingar over tyske byar. Flyet har fått ny offisiell registrering D–CDLH, målt under flyets haleror. Likevel er den gamle registreringa D–AQUI målt på vingane, og flyet har fått namnet «Tempelhof». Flyet er kvart år i full trafikk gjennom heile sommarhalvåret og flyr fleire rundturar kvar dag omkring i heile Tyskland.
Ju 52-veteraner fortsatt flyvedyktige[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Junkers Ju 52» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2018.