Juribej på Jamal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Juribej på Gydanhalvøya.
Juribej
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 9 740 km²
Lengd 340 km
Munning Bajdaratskajabukta
Kart
Juribej på Jamal
68°54′55″N 69°09′00″E / 68.91527778°N 69.15°E / 68.91527778; 69.15

Juribej (russisk Юрибей) er ei elv i på Jamalhalvøya i Jamalo-Nenetsk i Russland. Elva er 340 km lang og har eit nedslagsfelt på 9 740 km².

Elva oppstår der elvane Venstre Juribej og Høgre Juribej renn saman og munnar ut i Bajdaratskajabukta i Karahavet. Ho får hovudsakleg vasstilførsel frå snøsmelting. Frå oktober til juni er Juribej dekt med is.

I desember 2007 starta bygginga av den lengste brua i Russland, ei 4 km lang bru over Juribejdeltaet som ein del av jernbanelinja mellom Ob og Bovanenkovo.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «В России будет самый длинный мост!». ИА «Новое Время». 6. november 2007. Henta 3. november 2008.