Jurij Borzakovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurij Borzakovskij

Statsborgarskap Russland
Fødd 12. april 1981 (43 år)
Kratovo
Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk russisk
Høgd 181 centimeter
Jurij Borzakovskij på Commons

Jurij Mikhailovitsj Borzakovskij (fødd 12. april 1981) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kratovo. Han vart olympisk meister 2004 og europameister 2012 på 800 meter, og vann elles to VM-sølv og like mange VM-bronsar på same distansen i tida 2003-11. Hans personbeste 1.42,79 vart oppnådd i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Borzakovskij vann 800 meter i junior-EM 1999. Vinteren 2000 sigra han på same distansen ved innandørs-EM i Gent. Hausten same året tok han seg til OL-finalen i Sydney, der han vart sjettemann. Fem månader seinare vann han ein suveren siger på yndlingsdistansen ved innandørs-VM i Lisboa på tida 1.44,49. Under friidretts-EM 2002 deltok han ikkje på 800 m, i staden sprang han som ankermann Russland inn til sølv i 4 x 400 meter stafett.

Også ved verdsmeisterskapen 2003 i Paris vann Borzakovskij ein sølvmedalje, fattige tre hundredels sekund bakom vinnaren, Djabir Saïd-Guerni frå Algerie, og seks hundredelar føre bronsemannen Mbulaeni Mulaudzi. Borzakovskij låg lenge bakarst i feltet, før han byrja spurte forbi konkurrentane, men nådde altså ikkje heilt fram før målstreken. Same taktikken nytta han i finalen på 800 meter under Sommar-OL 2004 i Aten. Midtvegs på siste langside auka han tempo og sprang forbi alle og vann gullmedaljen på tida 1.44,45, framom Mulaudzi og førehandsfavoritten Wilson Kipketer.

Under VM 2005 kom Borzakovskij i mål til sølv på 800 meter, den einaste som heldt unna på oppløpet var Rashid Ramzi som representerte Bahrain. To år seinare tok han bronsemedaljen under VM i Osaka, løpet gjekk lenge i lusetempo og alle åtte finalistane passerte målstreken innafor eit halvt sekund. I OL-sesongen 2008 sette han personleg rekord med 1.42,79, men rauk overraskande ut or 800-metertevlinga i Beijing-OL i semifinalen.

I 2009 vann Borzakovskij 800 m ved innandørs-EM i Torino, og han kom på fjerdeplass i friidretts-VM i Berlin. Ved den neste verdsmeisterskapen, i Daegu i 2011, lukkast Borzakovskij å vinne si fjerde VM-medalje på 800 m då han vart nummer tre. Sommaren 2012 vann Borzakovskij gullmedaljen ved EM i Helsinki, men han lukkast ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i London.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]