Jurij Burlakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurij Burlakov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 31. januar 1960 (64 år)
Khabarovsk
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Jurij Iljitsj Burlakov (fødd 31. januar 1960) er ein russisk tidlegare langrennar frå Khabarovsk som tevla for Sovjetunionen. Han vann VM-gull i 4 x 10 km stafett under Ski-VM 1982 i Oslo, ein meisterskap han avslutta med å take sølvmedaljen på femmila.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Burlakov var i sitt livs form då verdsmeisterskapen på ski 1982 fann stad i Holmenkollen i Oslo. Han opna med å verte sjuandemann på 30 km, tre dagar seinare gjekk han inn til fjerdeplass på 15 km. Deretter gjekk han den snøggaste etappen i 4 x 10 km stafett, då han på den tredje etappen henta inn Noregs Pål Gunnar Mikkelsplass, som då leia stafetten. Dermed vart det eit hæseblæsande oppgjer mellom dei to ankermennene, Oddvar Brå og Aleksandr Zavjalov, eit oppgjer som enda med delt gull til både Noreg og Sovjetunionen. Berre to døgn etter stafettevlinga sikra Burlakov seg sølvmedaljen på 50 km, 15 sekundar føre Lars Erik Eriksen på bronseplassen, og eit drygt halvminutt bakom gullvinnar Thomas Wassberg frå Sverige.

Vinteren 1982/83 vart Burlakov i Davos nummer to bak Mikkelsplass på 15 km i eit renn i verdscupen i langrenn, to månader før han tredjemann på 50 km i Kavgolovo ved Leningrad, hans siste pallplass i verdscupen, eit renn der norske Jan Lindvall sigra. I dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo enda han på 11. plass på tremila. Ved Ski-VM 1987 i Oberstdorf vart Burlakov nummer 10 på 15 km i klassisk stil, 52,4 sekundar attom vinnaren, Marco Albarello frå Italia. Under Vinter-OL 1988 i Calgary gjekk Burlakov i mål til 12. plass på tremila. I 1989 mista han landslagsplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]