Jurijus Veklenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jurijus Veklenko
ESC2019-Lithuania (cropped).jpg
Fødd6. juli 1990 (32 år)
FødestadKlaipėda
OpphavLitauen
Aktiv2012–
Sjangerpop
Verka somsongar

Jurijus Veklenko (fødd 6. juli 1990), også kjend som berre Jurijus, er ein litauisk songar og musikar. Han representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Run with the Lions».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Veklenko vart fødd i Klaipėda. Han har jobba med musikk og song i ei årrekkje og var blant anna støttevokalist for dei litauiske bidraga i Eurovision Song Contest 2013 og 2015.[2] Under den nasjonale finalen i 2017 hadde han hovudvokalen på songen «Get Frighten» med dragartisten Lolita Zero.[3][4]

I 2019 vann Veklenko Eurovizijos Atranka, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «Run with the Lions». Gjennom sigeren fekk han representere landet i Eurovision Song Contest i mai 2019.[2] I januar 2019 vart Litauen trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Litauen hadde startnummer 13.[5] Veklenko vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[6] Han enda på ellevteplass og var berre eitt poeng unna tiandeplassen og ein plass i finalen.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jurijus chosen to represent Lithuania in Tel Aviv!». 23. februar 2019. Henta 23. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Jurijus chosen to represent Lithuania in Eurovision 2019». Henta 24. februar 2019. 
  3. «Lietuva nusprendė: į „Euroviziją“ vyksta Jurijus Veklenko!». DELFI. 23. februar 2019. Henta 24. februar 2019. 
  4. «Lithuania: Broadcaster LRT reveals Lolita Zero lip-synced her performance» (på engelsk). 27. januar 2017. Henta 24. februar 2019. 
  5. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  6. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  7. «A look at the Eurovision 2019 Grand Final and Semi-Final results». EBU. 19. mai 2019. Arkivert frå originalen 2019-05-21. Henta 26. mai 2019.