Just Bing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Just Bing

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. april 1866
Død

23. januar 1954 (87 år)

Yrke litteraturkritikar, litteraturhistorikar, arkivar
Far Just Johan Bing

Just Johan Bing (24. april 186623. januar 1954) var ein norsk litteraturhistorikar og stifts-/statsarkivar. I tillegg til si store interesse for litteratur interesserte han seg sterkt for lokalhistorie, arkeologi og helleristingar. Han tok initiativet til Vestlandske Historielags Fællesforening i 1918, og var mellom skiparane av Landslaget for bygde- og byhistorie i 1920.

Just Bing var fødd i Eidsberg. Han vart student i 1883, og tok filologisk-historisk embetseksamen med lærareksamen 1889–1890. Han vitja fleire tyske universitet, og fekk doktorgraden i 1894 med si tyske avhandling «Novalis (Friedrich v. Hardenberg): eine biographische Charakteristik». Under sine utanlandsreiser (Tyskland, Austerrike, Danmark, Frankrike og Italia) gjorde han litterære og kunsthistoriske studiar. 1895–1901 var han universitetsstipendiat. Han vart utnemnd til stiftsarkivar i Bergen 21. september 1903, ei stilling han hadde i over 30 år.

Han vart gift i 1900 med Marie Grieg (1872-[941). Bing døydde i Follebu i Gausdal.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Novalis (Friedrich v. Hardenberg) : eine biographische Charakteristik, 1893.
  • Tider og idealer. Studier i fransk poesi og malerkunst, 1896.
  • Norske digte og digtere, 1898.
  • Norsk literaturhistorie, 1904.
  • Europas literaturhistorie i det 19. aarhundrede, 1906.
  • Henrik Ibsen, 1909.
  • Norsk litteraturhistorie : til skolebruk, 1915.
  • Aarstads historie, 1922.
  • Rock carvings of the Norse bronze age, 1925.
  • Verdens-litteraturhistorie : grunnlinjer og hovedverker, 3 band 1928-1934
  • Band 1: Fra Homer til Swift, 1928.
  • Band 2: Fra Voltaire til Balzac, 1929.
  • Band 3: Fra Heine til verdenskrigen, 1934.
  • Fra trolldom til gudetro. Studier over nordiske helleristninger fra bronsealderen, 1937.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]