Just Broch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Just Broch
Fødd13. november 1854
Død1. januar 1947
NasjonalitetNoreg
Yrkeingeniør, politikar

Just Johan Bing Broch (13. november 18541. januar 1947) var ein norsk ingeniør og politikar, fødd i Kristiania. Han representerte VenstreStortinget frå 1898 til 1903.

Broch var son til ein offiser. Etter eksamen frå Nissens skole i Kristiania i 1871 utdanna han seg 1871-74 i tekniske fag i Örebro i Sverige og 1879-80 i Dresden i Tyskland. Frå 1874 til -79 arbeidde han ved jarnbaneanlegga i Noreg. Etter studiane i Dresden var han perioden 1883-91 tilsett i kanalvesenet. Deretter tok han tre nye år, 1891-94, ved jarnbaneanlegga. Han vart tilsett som seksjonsingeniør ved Noregs StatsbanerHamar i 1894, ei stilling han hadde til han i 1913 vart sjef for Stavanger distrikt av NSB.

Broch var varamann til Stortinget 1898-1900 for valkrinsen Hamar, Lillehammer og Gjøvik. Han møtte allereie frå 18. februar 1898, då den valde representanten, Johannes Steen, dagen før vart utnemnd til statsminister i Noreg. Broch var medlem av jarnbanekomiteen, og i 1900 sekretær i komiteen som arbeidde med plasseringa av Norges Tekniske Høgskole. Perioden 1900-03 var Broch vald til å representere same krinsen på Stortinget. Heile valbolken var han med i jarnbanekomiteen, formann 1902-03. Elles var han medlem av Lagtinget. Han var med i deputasjonen som Stortinget sende til opninga av Ofotbanen i 1903. Broch var med i bystyret på Hamar frå 1898 til han flytta, ordførar i 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]