Just Ear-rings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Just Ear-rings
Studioalbum av The Golden Earrings
Språk engelsk
Utgjeve 1965
Innspelt 1965
Sjanger Nederbeat, rock and roll, pop
Lengd 26:16
Selskap Polydor
Produsent Fred Haayen
The Golden Earrings-kronologi 
Just Ear-rings Winter-Harvest
(1967)


Singlar frå Just Ear-rings
  1. «Please Go»
    Utgjeve: August 1965
  2. «Lonely Everyday»
    Utgjeve: November 1965
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Just Ear-rings er debutalbumet til det nederlandske Nederbeat-bandet The Golden Earrings, utgjeve i 1965.[2]

På denne tida heitte bandet The Golden Earrings, med både ein artikkel i starten og ein ekstra s til slutt. Plata består av beatmusikk liknande gruppene i den britiske bølgja med påverknad frå The Who, The Rolling Stones, The Kinks, The Zombies og The Hollies.[1] I følgje Allmusic tok dei bitar av stilartane til desse banda og skapte ein stil som var kraftfull, melodiøs og fengjande.[1] The Golden Earrings skreiv nesten alle songane sine sjølv, på ei tid då britiske band ofte spelte mange coverversjonar.

George Kooymans og Peter De Ronde spelte begge gitar, medan Rinus Gerritsen spelte bass og Jaap Eggermont trommer. Vokalisten i bandet på denne tida var Frans Krassenburg. Allmusic skreiv òg at «om Just Earring berre hadde blitt spelt inn av eit britisk band, er sjansane gode for at gruppa hadde fått sin første hitt i Amerika mykje tidlegare - albumet er sanneleg på nivå med det meste av det dei britiske banda som storma dei amerikanske listene på den tida, og om det tok lengre tid for Amerika å varme opp til rock and roll, er dette morosame saker som svingar i alle slags tidssonar». [1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Gerritsen og Kooymans utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Nobody but You» 2:18
2.«I Hate Saying These Words» 2:17
3.«She May Be»Kooymans1:47
4.«Holy Witness»Kooymans2:47
5.«No Need to Worry»Gerritsen2:04
6.«Please Go» 2:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Sticks and Stones»Titus Turner1:41
8.«I Am a Fool»Gerritsen2:06
9.«Don't Stay Away» 2:10
10.«Lonely Everyday» 1:42
11.«When People Talk» 2:47
12.«Now I Have»Kooymans1:38
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Chunk of Steel»de Ronde/Gerritsen/Kooymans2:25
14.«The Words I Need» 2:14
15.«Waiting for You» 2:25
16.«What You Gonna Tell» 1:47
17.«Wings» 2:12
18.«Smoking Cigarettes»Kooymans2:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Fred Haayen - produsent
  • mostremarkable (Almere) - design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Mark Deming. «Just Earrings - Golden Earring | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 23. november 2019. 
  2. «Biography - Golden Earring». golden-earring.nl. Henta 23. november 2019.