Just Ebbesen
Just Ebbesen | |||
Fødd | 17. april 1847 | ||
---|---|---|---|
Død | 24. mai 1929 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Far | Jørgen Tandberg Ebbesen | ||
Alle verv |
|
Just Bing Ebbesen (17. april 1847–24. mai 1929) var ein norsk prest, postmeister og stortingsmann frå Sandefjord.
Ebbesen var son til ein lege. Han vart student i 1866 og cand. theol. i 1873. Tilsett personalkapellan i Baklandet i Trondheim same året, frå 1875 kallskapellan for same kyrkjelyden. Han var sokneprest i Stangvik 1885-91, då han vart postmeister i Tønsberg.
Ebbesen var 5. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1889-91, medlem av budsjettkomiteen. Han var elles medlem av formannskapet i Stangvik og seinare i Tønsberg. Varaordførar i Tønsberg i fleire år.
Han døydde i Tønsberg i 1929.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «DigitaltMuseum: portrett, postmester, Just Bing Ebbesen». DigitaltMuseum.