Just Henrik Ely

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Just Henrik Ely
Just henrik ely.jpg
Fødd30. november 1759
Stavanger
Død30. mars 1824 (64 år)
Statsborgar avNoreg
YrkeOffiser
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Just Henrik Ely (30. november 175930. mars 1824) var ein offiser og eidsvollsmann.

Ely var fødd i Stavanger, som son av ein offiser og seinare tollar. Han vart korporal tolv år gammal, furer to år etter, og etter nye to år vart han i 1776 sersjant. I 1782 vart han sekondløytnant ved det vesterlenske infanteriregiment, forfremja til premierløytnant i 1786. År 1800 vart han kaptein for regimentet. I 1811 vart han major, fekk vartpengar frå 1818.

Ely var i 1814 1. utsending frå vesterlenske regiment til riksforsamlinga på Eidsvoll. Ein veit ikkje om han røysta med sjølvstende- eller unionspartiet.[1]Det kan vere at han var ein av dei Jacob Aall kalla «tvilerne»; dei som ikkje røysta konsekvent eller ikkje avslørte kor dei stod politisk.[2]

I 1814 budde Ely og kona i Kongens gate 66 i Kristiansand, huset hadde han kjøpt tre år tidlegare. Han budde her fram til han døydde i 1824. Huset gjekk tapt i bybrannen i 1892.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Just Henrik Ely (1759-1824)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015. 
  2. 2,0 2,1 Marit Olafson Lundemo (2014). «Just Henrik Ely og Kongens gate 66 i Kristiansand». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 330-332. ISBN 978-82-02-44564-5.