Just Like a Woman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Just Like a Woman
Singel av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
B-side «Obviously 5 Believers»
Utgjeve august 1966
Innspelt 8. mars 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 4:53
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«I Want You»
(1966)
Just Like a Woman «Leopard-Skin Pill-Box Hat»
(1967)

«Just Like a Woman» er ein song skriven av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 33. plass i USA. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 230. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]

Dylan skreiv denne balladen på takksigelsesdagen i 1965 då han turnerte i Kansas City. Songen var visstnok inspirert av Edie Sedgwick, som ofte var ved Andy Warhol sin Factory på tida då Dylan vart introdusert for Warhol. Det vert òg sagt at «Just Like A Woman» omhandlar forholdet til visesongaren Joan Baez.[treng kjelde]

She takes just like a woman, yes, she does
She makes love just like a woman, yes, she does
And she aches just like a woman
But she breaks just like a little girl.

Bob Dylan

Songen har vorte kritisert for påstått kvinnehat i teksten.[2] Alan Rinzler skildrar i boka si Bob Dylan: The Illustrated Record songen som «eit mektig karakterdrap...den mest spotske, vemmelege audmjukinga Dylan gjorde av sine tidlegare kjærastar.»[3] Musikkritikaren Paul Williams skriv derimot i boka si Bob Dylan: Performing Artist, Book One 1960 - 1973 at Dylan syng heile songen i ein kjærleg tone.[3] Bill Janovitz skriv i meldinga på Allmusic at Dylan verkar å vere på defensiven, som om han hadde fått skulda for samanbrotet til kvinna, og så tar på seg noko av skulda. Janovitz konkluderer med at det ikkje er kvinnehatande å sjå på eit personleg forhold frå synspunktet til dei som er involvert, anten der er ein mann eller ei kvinne. Det er ingenting i teksten som indikerer at Dylan ikkje har respekt for, eller hatar, kvinner generelt.[2]

Songen vart ikkje gjeven ut på singel i Storbritannia, men utgåva til Manfred Mann nådde 10. plass der i 1966.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar og band som har spelt songen er mellom andre The Kooks, Nina Simone, Gregg Allman, Joe Cocker, Van Morrison, Jeff Buckley, Manfred Mann, Rod Stewart, Richie Havens, Something Corporate og Counting Crows.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». http://www.rollingstone.com/news/coverstory/500songs/page/3. Henta 5. mars 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Just Like a Woman». Allmusic. http://www.allmusic.com/song/t1944345. Henta 5. mars 2010. 
  3. 3,0 3,1 Williams, Paul. (1990). Bob Dylan: Performing Artist, Book One 1960 - 1973. Xanadu Publications Ltd. ss. 190–191. ISBN 1-85480-044-2.