Just My Imagination (Running Away with Me)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Just My Imagination (Running Away with Me)
Singel av The Temptations
frå albumet Sky's the Limit
B-side «You Make Your Own Heaven and Hell Right Here on Earth»
Utgjeve 14. januar 1971
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 24. november 1970 og 3. desmber 1970
Sjanger Soul
Lengd 3:54
Selskap Gordy
G 7105
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield, Barrett Strong
Produsent Norman Whitfield
The Temptations-kronologi
«Ungena Za Ulimwengu (Unite the World)»
(1970)
Just My Imagination (Running Away with Me) «It's Summer»
(1971)


«Just My Imagination (Running Away with Me)» er ein song av soulgruppa The Temptations. Han vart gjeven ut på Gordy (Motown) på albumet deira Sky's the Limit frå 1971 og var produsert av Norman Whitfield. Han vart òg gjeven ut som singel og vart den tredje Temptations-songen som nådde førsteplassen i USA, der han låg i to veker.

I dag vert «Just My Imagination» rekna som ein av signatursongane til Temptations og har ein stil som liknar 60-talsstilen til bandet. Det var òg den siste singelen der Eddie Kendricks og Paul Williams, som begge var med å danne bandet, var med. Under innspelinga og utgjevinga av singelen, forlet Kendricks gruppa for å starte ei solokarriere, medan Williams måtte gje seg på grunn av skrantande helse. I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 399. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Fleire grupper har sidan spelt inn «Just My Imagination», mellom andre The Rolling Stones, på albumet deira Some Girls frå 1978. Denne utgåva har eit høgare tempo, tydlegare elektriske gitarar og ein generelt røffare stil.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada RPM[1] 72
UK 8
U.S. Billboard Hot 100[2] 1
U.S. Billboard Adult Contemporary 33
U.S. Billboard R&B 1
U.S. Cash Box Top 100 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[3] 9
U.S. Cash Box 7
U.S. R&B/Soul (Billboard)[4]
6
UK 56

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


400:
 «Baby I Need Your Loving» 
The Four Tops
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
399


The Temptations – «Just My Imagination»

398:
 «Roxanne» 
The Police
  1. Canada RPM 100 Singles, 3. april 1971
  2. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  3. «Top 100 Hits of 1971/Top 100 Songs of 1971». http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1971.htm. Henta 28. mars 2018. 
  4. Billboard. Books.google.com. 1971-12-25. s. 15. Henta 28. mars 2018.