Just a Closer Walk with Thee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Just a Closer Walk with Thee» er ein tradisjonell gospelsong som har blitt framført av mange artistar. Han vart anten framført som ein instrumental eller med vokal og er kanskje den mest spelte salmen og klagesongen i tradisjonelle jazzgravferder i New Orleans.

History[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til «A Closer Walk» er ukjend.[1] Det er mykje som tyder på at han kjem frå afroamerikanske kyrkjer i Sørstatane på 1800-talet, kanskje til og med før borgarkrigen.[2] Songar med liknande tekst i refrenget vart publisert på 1800-talet, som «Closer Walk with Thee» med tekst av Martha J. Lankton (eit pseudonym for Fanny Crosby) og musikk av William Kirkpatrick. Denne vart publisert i 1885.[3]

Just a Closer Walk with Thee
Singel av Selah Jubilee Singers
A-side

A Walking In The Light Of God

Utgjeve 1941
Innspelt 8. oktober 1941
Sjanger Gospel
Lengd 3:19
Selskap Decca 7872
Låtskrivar(ar) Ukjend

Den første kjende innspelinga vart gjort av Selah Jubilee Singers den 8. oktober 1941 i New York City med Thurman Ruth og John Ford på solovokal.[4] Rosetta Tharpe song inn songen 2. desember 1941 med Lucky Millinder and His Orchestra.[5]

Fornya interesse i tradisjonell New Orleans-jazz førte til at mange spelte inn songen, mellom anna Bunk Johnson's Brass Band i 1945.

I 1950 selde Red Foley over ein million eksemplar av si innspeling av songen.

I 1958 spelte Elvis Presley inn songen i heimen sin.[6] Denne kom ut på Just a Closer Walk with Thee (2000).[7] Tennessee Ernie Ford gjekk inn på listene med songen seint i 1950-åra.

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Just a Closer Walk with Thee» har blitt spelt inn av mange artistar, som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petersen, William J. The Complete Book of Hymns, Tyndale House Publishers , Inc. (2006), page 570 - ISBN 1-4143-0933-3
  2. Collins, A. (2009). Turn Your Radio On. Zondervan. s. 142. 
  3. W. McDonald, Joshua Gill, J.R. Sweney, W. J. Kirkpatrick, «Closer Walk with Thee» Songs Of Joy And Gladness, (Boston, McDonald and Gill, 1885)pg. 28 https://books.google.com/books?id=AWNpcokyYbsC
  4. Dixon, Robert M. W. Blues and Gospel Records: 1890-1943, Oxford University Press (1997), page 786 - ISBN 0-19-816239-1
  5. Dixon, Robert M. W. Blues and Gospel Records: 1890-1943, page 912
  6. «YouTube». YouTube. Henta 20. juli 2017. 
  7. «Bands and Artists: P: Presley, Elvis: Discography: Just A Closer Walk With Thee». MusicMoz. Henta 20. juli 2017. 
  8. «Echos of New Orleans, Vol. 1 - George Lewis | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 16. mai 1943. Henta 20. juli 2017. 
  9. Dick Monda, Truth, Lies, Magic, and Faith Henta February 19, 2016.
  10. «Just A Closer Walk With Thee (trad.)». Bobdylanroots.com. 18. februar 1969. Henta 20. juli 2017.