Just a Little Bit av Rosco Gordon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Just a Little Bit
Singel av Rosco Gordon
B-side

«Goin' Home»

Utgjeve 1959
Innspelt 1959
Sjanger Blues, R&B
Lengd 2:05
Selskap Vee-Jay (no. 332)
Rosco Gordon-kronologi 
«A Fool in Love»/ «No More Doggin'» (nyinnspeling)
(1959)
Just a Little Bit «Surely I Love You»/ «What You Do To Me»
(1960)


«Just a Little Bit» er ein R&B-aktig bluessong spelt inn av Rosco Gordon i 1959. Songen vart ein hit på både R&B- og poplista i USA og er blitt kalla «ein av standardane innan moderne blues».[1] «Just a Little Bit» er blitt spelt inn av mange artistar, som Little Milton og Roy Head, som òg fekk ein hit med songen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Just a Little Bit» vart utvikla då Rosco Gordon turnerte med West Coast blues-artisten Jimmy McCracklin. I følgje Gordon, byrja McCracklin å skrive på songen og gjekk med på at Gordon kunne skrive han ferdig og tilskrive han til begge to.[2] Gordon presenterte seinare ein demoversjon til Ralph Bass i King Records, som visstnok viste lita interesse for songen.[2] Gordon møtte så Calvin Carter i Vee-Jay Records, som gjekk med på å spele han inn. Samstundes gav Federal Records, ein etikett under King Records ut ein versjon av «Just a Little Bit» av R&B-songaren Tiny Topsy,[3] der låtskrivinga vart tilskriven Ralph Bass og fleire andre som var ukjende for Gordon.[2] Tiny Topsy-songen, med eit popaktig arrangement, korsongarar og fløyte, nådde ikkje salslistene.[4]

Rosco Gordon-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Rosco Gordon sin «Just a Little Bit» vart gjeven ut seint i 1959 og gjekk inn på Billboard R&B-lista i februar 1960. Ei tidleg melding av songen skildra hans som «ein rumba-blues»,[5] som synte til «den lett skamfulle, byksande piano-stilen kalla 'Rosco's Rhythm'».[6] Den originale Vee-Jay-singelen har Gordon som låtskrivar, men på seinare utgåver (og versjonar av andre artistar) er Bass og andre òg oppført som låtskrivarar.[7] «Just a Little Bit» var den fjerde (og siste) Rosco Gordon-singelen som gjekk inn på R&B-lista, der han nådde andreplassen i løpet av 17 veker på lista i 1960.[8] «Just a Little Bit» gjekk òg inn på Hot 100 på ein 64. plass, den einaste songen til Gordon som nådde poplista.

Påverknad og andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I følgje musikkskribenten Steve Turner skal blåsarlinja i opninga av den originale Roscoe Gordon-versjonen ha inspirert Paul McCartney då han skreiv Beatles-hitten «Birthday».[9] Fleire musikarar har spelt inn «Just a Little Bit». I 1965 nådde Roy Head topp 40 med songen og då Little Milton spelte han inn i 1969, nådde han 13. plassen på R&B-lista og 97. plassen på poplista.[10] Andre innspelingar er: Them (i 1965 på albumet The Angry Young Them); Etta James (1967 Tell Mama); Magic Sam (1968 Black Magic); Elvis Presley (1973 Raised on Rock/For Ol' Times Sake); Rory Gallagher (1973 Tattoo). Jerry Lee Lewis (1974 Southern Roots); Slade (1974 Old New Borrowed and Blue); The Animals (1977 Before We Were So Rudely Interrupted); Joe Louis Walker (1990 Live at Slim's, Vol. 2); and Johnny Winter (1997 Live in NYC '97).[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Herzhaft, Gerard (1992). «Just a Little Bit». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 456. ISBN 1-55728-252-8. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Dallas, Karl (30. juli 2002). «Rosco Gordon (Obituary)». The Independent. Henta 23. juni 2017. 
  3. Gordon recalled this as taking place in 1958; Billboard shows the releases in 1959.
  4. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. ISBN 0-89820-068-7. 
  5. «Rosco Gordon – Just a Little Bit». Billboard (Nielsen Business Media, Inc): 39. November 23, 1959. ISSN 0006-2510. 
  6. Thomas, Bryan. «Rosco Gordon – Biography». AllMusic. Rovi Corp. Henta 23. juni 2017. 
  7. «Just a Little Bit (Legal title) – BMI Work #782502». BMI Repertoire. BMI. Henta 23. juni 2017. [daud lenkje]
  8. Whitburn 1988, s. 170.
  9. Turner, Steve (1994). A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles Song. HarperCollins. ISBN 0062736981. 
  10. Whitburn 1988, s. 259.
  11. «Song Search Results for Just a Little Bit». AllMusic. Rovi Corp. Henta 17. august 2014.