Justerteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Justerteori er ein type kvantefeltteori som er invariant eller symmetrisk ved såkalla justertransformasjonar. Frå elektromagnetismen kjenner ei enkel form for justerinvarians sidan nullpunktet for det elektriske potensialet kan veljast fritt. Til dømes vel ein potensialet på den negative batteripolen i ein straumkrins ofte lik null volt.

Justerinvariante kvantefeltteoriar har frå 1970-åra hatt stor suksess i teorien for vekselverknadane mellom elementærpartiklar. Både elektrosvak teori og kvantekromodynamikk, som til saman utgjer standardmodellen for elementærpartikkelfysikk, er justerinvariante teoriar.

Omgrepet juster i justerteori siktar til overflødige fridomsgrader i Lagrangefunksjon som ikkje er direkte mogelege å observere. For ein generell lokal justertransformasjon vil felta i Lagrangefunksjonen transformere ikkje-trivielt. Lagrangefunksjonen inkluderer justerfelt, og hos desse er transformasjonseigenskapar er bestemt av kravet om at verknaden skal vere invariant. Til ei kvar Lie-gruppe har ein eit sett med tilhøyrande generatorar. For kvar generator har teorien eit vektorfelt, kalla eit justerfelt. For ein kvantisert justerteori kallast eksitasjonar av justerfelta for justerboson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]