Justin Hayward

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Justin Hayward
JustinHayward3.jpg
Justin Hayward i 2007
Fødd14. oktober 1946
FødestadSwindon i Wiltshire i England
FødenamnDavid Justin Hayward[1]
OpphavEngland
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock
InstrumentGitar, piano vokal, mandolin, sitar
Kjende instrumentGibson ES-335
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Moody Blues
PlateselskapPye Records
Parlophone
Threshold Records
Deram Records
Polydor
CMC International
Trax Records
Towerbell Records
Armou Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Justin Hayward (fødd 14. oktober 1946) er ein engelsk musikar, mest kjend som songar, låtskrivar og gitarist i rockebandet The Moody Blues.

Hayward starta karrieren i lokale band i Swindon. I 1966 svarte han på ei annonse i Melody Maker, sett ut der av Eric Burdon frå The Animals, og Hayward vart kontakta med Mike Pinder frå The Moody Blues etter at Burdon hadde gjeve brevet til Hayward og demoopptaka til Pinder. Etter nokre få dagar hadde Hayward erstatta vokalist og gitarist i Moody Blues, Denny Laine, som hadde slutta. Bassisten John Lodge erstatta samstundes Rod Clarke som hadde spelt ei stund for bassit Clint Warwick, som hadde slutta på same tid.

Då Hayward og Lodge kom inn i bandet, i lag med at Pinder starta å nytte mellotron, gav det bandet stor kommersiell suksess mot slutten av 60-åra. I 1967 gav dei ut albumet Days of Future Passed, eit av dei første og mest influerande symfoniske rockealbuma, med Hayward-songane «Tuesday Afternoon» og «Nights in White Satin». Sistnemnde selde etter kvart over to millionar eksemplar, og gjekk inn på singellista i Storbritannia tre gonger (1967, 1972 og 1979).

Hayward vart frontmann i gruppa i perioden 1967-1974, og skreiv fleire songar og hitsinglar enn dei andre i bandet.

I 1980-åra skreiv Hayward òg musikk for film og fjernsyn, mellom anna kjenningsmelodien til BBC2-serien Star Cops.

Justin Hayward har i tillegg til albuma med The Moody Blues òg gjeve ut fleire soloalbum.

I 2018 blei Hayward teken inn i Rock and Roll Hall of Fame som medlem i Moody Blues.[2]

Solo diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BMI Repertoire Search». BMI Repertoire. Arkivert frå originalen 7. april 2013. Henta 31. desember 2015. 
  2. «The Moody Blues». Rock & Roll Hall of Fame (på engelsk). Henta 17. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]