Jyotirao Phule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jyotirao Govindrao Phule
Mphule.jpg
Verkeleg namn ज्योतिराव गोविंदराव फुले
Alias Mahatma Phule, Jyotiba Phule, Jotiba Phule, Jotirao Phule. Etternamnet også stava Phooley.
Fødd 11. april 1827
Satara
Død

28. november 1890
Pune

Yrke intellektuell, revolusjonær
Påverka av Thomas Paine
Religion Satyashodhak Samaj
Far Govindrao Phule
Mor Chimanabai Phule
Ektefelle Savitribai Phule
Jyotirao Phule på Commons

Jyotirao Govindrao Phule (11. april 182728. november 1890) var ein indisk reformator, tenkjar og forfattar frå Maharashtra. Han arbeidde for å oppheva urørbarheit og det indiske kastesystemet og for å betra stillinga til jenter og kvinner i samfunnet og i hindufamiliar.

Han er kjend for arbeidet sitt med å utdanna kvinner og fok frå lågare kastar. Saman med kona Savitribai Phule var han ein pioner innan utdanning av kvinner i India. Dei opna den første indisk-drivne jenteskulen i Vest-India i august 1848. Han kjempa for å tillata gjengifte for enkjer og starta ein heim for høg- og lågkasteenkjer i 1854. Han skipa også ein heim for gravide enkjer for å hindra drap av nyfødde.[1]

I september 1873 grunnla Phule og støttespelarar Satyashodhak Samaj ('Sanningssøkar-samskipnaden') for å kjema for like rettar for bønder og folk frå lågare kastar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jyotirao Govindrao Phule kom frå gartnarkasten mali, ei gruppe som tradisjonelt ikkje sette stor pris på boklærdom. Han fekk ei grunnskuleutdanning før han blei teken ut av skulen for å arbeida. Etter rundt tre år blei faren hans overtydd om å la han få meir utdanning, og han fullførte si engelske utdanning frå 1841 til 1847.[2]

Han blei gift med i 1840, då han var tolv-tretten år, med Savitribai som var ni. Barneekteskap var vanlege i India på denne tida.[3] Paret fekk ingen barn saman, men adopterte seinare Yashavantrao, sonen til ei brahminarenkje.[1]

1848 var truleg eit vendepunkt i livet til Phule. Han blei kjend med Thomas Paine sine tankar i boka Rights of Man. Han opplevde lågkastediskriminering då han deltok i bryllaupsprosesjonen til ein brahminsk venn og blei klandra for dette. Han vitja også ein amerikansk skule for lågkastejenter i Ahmadnagar, og blei inspirert til å opna sin eigen i Pune.[4]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Jyotirao Phule lærte kona Savitribai å lesa, og ho blei den første læraren ved skulen. Prosjekte skapte motstand blant ortodokse hinduar, og ekteparet måtte forlata familieheimen. Dei fekk ly og støtte frå venen Usman Sheikh og systera hans Fatima Sheikh, som også blei ein lærar ved skulen.[5] Phule skipa også skular spesielt for elevar frå utstøytte lågkastar, som mahar og mang.[6] Skuledrifta varte likevel ikkje i mange år, kanskje på grunn av manglande pengestøtte eller usemje om pensum.[7]

På 1850- og 1860-talet engasjerte Phule seg i samfunnsspørsmål om stillinga til enkjer. Hinduenkjer kunne ikkje gifta seg opp att, men var forventa å leva i enkle, kyske kår resten av livet. På grunn av praksisen med barneekteskapa var mange av desse enkjene svært unge. Widow Remarriage Act gjorde det lovleg for dei å gifta seg opp att, men sosialt var dette likevel svært vanskeleg. Phule skipa ein heim for enkjer i 1854, og ein barneheim for å ta vare på spedbarn som mødrene ikkje kunne ta seg av. Det var her adoptivsonen Yashavantrao blei fødd i 1873.[1]

I 1868 opna Phule ein vasstank ved huset sitt for bruk av alle uansett kaste.[6] Tilgang til vatn var og er eit stort problem innan indisk kastediskrimminering.

24. september 1873 skipa Jyotirao Phule samskipinga Satya Shodhak Samaj, som hadde som hovudføremål å frigjera lågkastefolk og kastelause frå undertrykking. Medlemmar var forventa å behandla alle som Guds barn. Dei sverga også truskap til Det britiske imperiet.[6] Ei av oppgåvene samskipnaden tok på seg, var å utføra vigslar og liknande utan å måtta be brahminar om hjelp til å vera prestar.[8]

I 1876 blei Phule medlem av lokalstyret, Poona Municipality, ei stilling han hadde til 1883. Hungersnaud i 1877 tvinga mange bygdefolk frå heimane sine, fleire av dei utan ungane sine. Barneheimen Victoria Orphanage blei skipa for å ta vare på desse ungane, støtta av Phule og samskipnaden hans.[6]

Verk[endre | endre wikiteksten]

I boka Gulamgiri - Slavery frå 1873 legg Phule fram tankane sine om korleis brahminane hadde kome inn som erobrarar til det indiske subkontinentet og underkasta seg dei innfødde, som dei kalla sudraer.[9] Phule kritiserte den brahminske dominansen av det indiske samfunnet, og den britiske kolonimakta som favoriserte dei.[6]

Han gav alternative tolkingar av hindumytologien til den presentert av brahminane, til dømes med asurakongen Mahabali som ein helteskikkelse.[8] Han er ofte rekna som den som tok i bruk ordet dalit (sanskrit for 'splitta, broten') om personar rekna som urørbare i det indiske kastesystemet.[10]

Jyotirao meinte det var ein synd å diskriminera på grunn av kjønn. Han rekna ikkje Vedaene som heilage, og gjekk imot biletdyrking (idolatri).[6]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Phule sine utgjevingar er:[11]

  • Tritiya Ratna, 1855
  • Brahmananche Kasab, 1869
  • Powada : Chatrapati Shivajiraje Bhosle Yancha [engelsk 'Life Of Shivaji, In Poetical Metre'], juni 1869
  • Powada: Vidyakhatyatil Brahman Pantoji, juni 1869
  • Manav Mahammand (Muhammad) (Abhang)
  • Gulamgiri - Slavery, 1873
  • Shetkarayacha Aasud (Cultivator's Whipcord), juli 1881
  • Satsar Ank 1, juni 1885
  • Satsar Ank 2, oktober 1885
  • Ishara, oktober 1885
  • Gramjoshya sambhandi jahir kabhar, (1886)
  • Satyashodhak Samajokt Mangalashtakasah Sarva Puja-vidhi, 1887
  • Sarvajanik Satya Dharma Poostak, april 1889
  • Sarvajanic Satya Dharmapustak, 1891
  • Akhandadi Kavyarachana
  • Asprashyanchi Kaifiyat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 O'Hanlon, Rosalind (2002). Caste, Conflict and Ideology: Mahatma Jotirao Phule and Low Caste Protest in Nineteenth-Century Western India (Revised utg.). Cambridge University Press. s. 135. ISBN 978-0-52152-308-0. 
  2. Keer, Dhananjay (1974). Mahatma Jotirao Phooley: Father of the Indian Social Revolution (1. publ. utg.). Mumbai [Mumbai]: Popular Prakashan Pvt. Ltd. s. 13–15. ISBN 81-7154-066-X. 
  3. «Who is Savitribai Phule? What did she do for womens rights in India?». Henta 7. mai 2017. 
  4. O'Hanlon, Rosalind (1985). Caste, conflict, and ideology : Mahatma Jotirao Phule and low caste protest in nineteenth-century western India (1. publ. utg.). Cambridge [Cambridgeshire]: Cambridge University Press. s. 111–112. ISBN 0521266157. 
  5. Mohan, Siddhant. «Remembering Fatima Sheikh, the first Muslim teacher who laid the foundation of Dalit-Muslim unity». Two Circles. Henta 19 May 2017. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 LIFE SKETCH OF MAHATMA PHULE, mahatmaphule.com, henta 4. juni 2017 
  7. Bhattacharya, Sabyasachi; Zelliot, Eleanor (author) (2002). Education and the disprivileged : nineteenth and twentieth century India. (1. publ. utg.). Hyderabad: Orient Longman. s. 35–37. ISBN 9788125021926. Henta 4. juni 2017. 
  8. 8,0 8,1 Gavaskar, Mahesh (1999). S.M. Michael, red. Untouchable : dalits in modern India. Boulder, Colorado: Lynne Rienner. s. 23. ISBN 9781555876975. Henta 10 January 2017. 
  9. Slavery-Gulamgiri, Internet Archive, 1873 
  10. Mendelsohn, Oliver; Vicziany, Marika (30 April 1998). The Untouchables: Subordination, Poverty and the State in Modern India. Cambridge University Press. s. 4. ISBN 978-0-521-55671-2. 
  11. BOOKS WRITTEN BY MAHATMA PHULE, www.mahatmaphule.com