Jødisk filosofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jødisk filosofi er filosofi knytt til jødar og jødedommen. Filosofien er i stor grad prega av dialektikken mellom studium av generell filosofi og jødisk teologi. Ein tidleg jødisk filosof som kom til å ha større innverknad på kristendommen enn på jødedom var den nyplatonske filosofen Filon frå Alexandria. Storheitstida for jødisk filosofi fann stad i det noverande Irak, Algerie Marokko, Spania, Portugal og det sørlege Frankrike frå 800-talet til 1400-talet, da fleire jødiske filosofar var aktive og inspirerte av m.a. Platon og Aristoteles og av muslimsk filosofi. Mellom dei viktigaste jødiske filosofane frå denne tida kan nemnast Sjelomó ibn Gabiról, Sa‘adjá Gaón, Maimonides og Gersonides.

Under og etter opplysningstida frå seint på 1700-talet til innpå 1800-talet oppstod haskalá, eller den jødiske opplysningsrørsla. Ein av dei første viktige representantane for haskalárørsla var Moses Mendelssohn. Moderne filosofar innanfor den jødiske tradisjonen inkluderer Martin Buber, Franz Rosenzweig, Mordecai Kaplan, Abraham Joshua Heschel, Will Herberg, Emmanuel Levinas, Richard Rubenstein, Emil Fackenheim og Joseph Soloveitchik.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]