Jørn Utzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørn Utzon
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 9. april 1918
København
Død

29. november 2008 (90 år)
Helsingør

Yrke arkitekt
Språk dansk
Medlem av Royal Academy of Arts, Accademia delle Arti del Disegno
Jørn Utzon på Commons

Jørn Utzon (9. april 191829. november 2008) var ein dansk arkitekt som vart mest kjend for Sydneys hovudlandemerke, Operahuset.

Utzon utdanna seg til arkitekt på kunstakademiet i København, der han gjekk ut i 1942. Han drog til det nøytrale landet Sverige og sidan til Finland, der han arbeidde for den kjende finske formgjevaren Alvar Aalto. I tillegg til Gunnar Asplund og Frank Lloyd Wright hadde Aalto stor innverknad på verka hans.

Operahuset, ved hamna i Sydney
Foto: Bjarte Sorensen

krigen var slutt drog Utzon tilbake til Danmark med familien, og starta sitt eige arkitektkontor. Han byrja å reise mykje, i Nord-Amerika og Asia (Kina, Japan og India). I 1947 arbeidde han nokre månader i Marokko, der den islamske arkitekturen fekk mykje å seie for utviklinga hans.

Utzon var framleis ein ukjend arkitekt då han vann konkurransen om å byggja eit operahus i Sydney. Han flytta til byen i 1962 for å kunne følgja arbeidet på nært hald, men etter eit regjeringsskifte i delstaten New South Wales fekk han ikkje betaling lenger. Han drog bort frå landet og prosjektet i 1966, utan å ha fått fullført interiøret. Sidan vart bygget omarbeidd og fullført av Peter Hall, David Littlemore og Lionel Todd. Operaen vart offisielt opna av dronning Elizabeth II den 23. oktober 1973.

Frå 1985 byrja sønene Jan og Kim å samarbeida med faren, og etter at Jørn Utzon trekte seg tilbake har dei drive firmaet Utzon Architects vidare. Dei fekk mellom anna oppdraget med å overvaka restaureringa av Operahuset i Sydney, særleg interiøret.

Andre verk av Utzon[endre | endre wikiteksten]

Bagsværd kyrkje
Foto: Erik Christensen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]