Hopp til innhald

Kármánsk kvervelgate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Animasjon av ei kvervelgate skapt av ein sylindrisk lekam. Straumen på kvar side av lekamen er gjeven med forskjellige fargar og syner at kvervlane blir danna vekselsvis bak lekamen. Av Cesareo de La Rosa Siqueira.
Kármánsk kvervelgate i skyar fotografert ovanfrå av satellitten Landsat 7 i nærleiken av Juan Fernández-øyane i Stillehavet utanfor kysten av Chile 15. september 1999.

Kármánsk kvervelgate er ei rekkje av kvervlar i ein væske- eller gasstraum som strøymer på kvar side av ein sylinder (fart loddrett på sylinderaksen). Kvervlane blir danna avvekslande og med jamne mellomrom på begge sider av sylinderen. Dette gjev trykkpendlinger på tvers av vindretningen og kan t.d. bringe skorsteinar i farlege svingingar. Om ein set spiralforma ribbar på utsida av den øvre delen av skorsteinen, blir svingingane oppheva.

Effekten er kalla opp etter Theodore von Kármán.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]