Källtorpssjön

Koordinatar: 59°17′31.5″N 18°9′47″E / 59.292083°N 18.16306°E / 59.292083; 18.16306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Källtorpssjön
innsjø
Källtorpssjön, utsikt frå i nærleiken av det sørlegaste punktet. I bakgrunnen kan ein sjå Nackamasterna.
Land  Sverige
Utløp Til Dammtorpssjön
Nedslagsfelt 3,06 km²
Høgd over havet 24,8 moh.
Lengd 1,43 km
Breidd 0,77 km
Areal 0,41 km²
Middeldjupn 4,7–7,6 m
Volum 1,88 millionar m³
Kystlengd1 4,75 km
Kart
Källtorpssjön
59°17′28″N 18°09′56″E / 59.2912°N 18.1656°E / 59.2912; 18.1656
Wikimedia Commons: Källtorpssjön
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Dammtorpssjön er ein innsjø i den sørlege delen av Nacka kommun, og innanfor Nackareservatet, i landskapet Södermanland i Sverige.

Källtorpssjön er ein såkalla sprekkedalssjø som strekkjer seg ca. 1,5 km i aust-vestleg retning. Innsjøen vert drenert via Dammtorpssjön og Nacka ström til Järlasjön. Ältavägen passarer gjennom nedslagsfelta til innsjøen.

Innsjøen nyttast gjerne for fiske av edelfisk som er av dei artane som er sett ut i innsjøen. Fram til 1980-talet kunne ein òg fiske etter krepsar i Källtorpssjön, men etter dette er han råka av krepsepest.

Källtorpssjön er ein populær badesjø, og vasskvaliteten for bading er god. Ved innsjøen ligg eit av Stockholmområdet sine mest vitja friluftsanlegg, Hellasgarden, der det er badeplass på sommaren og skeisebane på vinteren. Ut frå Hellasgarden går det mange turløyper, terrengløyper og, på vinteren, skiløyper. Ved nordbreidda, der Hästhagen ligg, er det ytterlegare ein badeplass, med omkringliggande klipper populære til soling.

Innsjøen og omgjevnadane har òg botanisk, zoologisk og geologisk interesse. Innsjøen er, av Nacka kommun, klassifisert som økologisk utsett.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°17′31.5″N 18°9′47″E / 59.292083°N 18.16306°E / 59.292083; 18.16306