Kålrot
Utsjånad
(Omdirigert frå Kålrabi)
Kålrot | |
Kålrot | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Brassiceae |
Slekt: | Kålslekta Brassica |
Art: | Raps B. napus |
Underart: | Kålrot B. n. rapifera |
Vitskapleg namn | |
Brassica napus rapifera |
Kålrot eller kålrabi (Brassica napobrassica eller Brassica napus var. napobrassica) er ei gamal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-talet.
Planta høyrer til kålslekta og er nærskyld med kål, noko som går fram av namnet. Til skilnad frå mange andre kålsortar er det rotknollen av planta ein et og ikkje blada.
Kålrot er rund i fasong og storleiken kan variera frå små på under 1 kilogram til store på 3–4 kilogram. Fruktkjøtet er hardt og fast med ei lysegul farge. Kålrot er svært rik på C-vitamin og blir difor òg kalla for «Nordens appelsin». Kålrot har ein mild og fin kålsmak og er brukande til mange ulike retter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) kålrot hos Artsdatabanken
- (en) kålrot i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kålrot hos Dyntaxa
- (en) kålrot hos NCBI
- (en) kålrot hos The International Plant Names Index
- (en) kålrot hos Tropicos
- (en) Kategori:Brassica napus subsp. rapifera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Brassica napus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia CommonsDenne landbruksartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.