Kåre Fasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Fasting
Fødd 14. august 1907
Død

1983

Yrke journalist, redaktør, skribent, biograf

Kåre Bøgh Fasting (14. august 19074. februar 1983) var ein norsk journalist og forfattar av både skjønnlitteratur og sakprosaverk.

Fasting var fødd i Oslo, men voks opp i Bergen då far hans arbeidde ved jarnbanekontoret i byen. Sjølv vart han journalist i Bergens Tidende frå 1935 og redaktør av Nidaros i tida 1945 til 1950. Han debuterte som forfattar med romanen Havet gav i 1935. Året etter kom Solen blinker i sladrespeilene og i 1937 kom Det gode kjøbmannskap, begge frå handelsmlijø i Bergen. Jakob og sønene hans frå 1938 syner det grepet pietismen hadde på folk i fiskar- og kystmiljø ved Bergenskanten.

Etter verdskrigen var over kom romanar som Det dyre gull, Brytingsår, Døtre og sønner, samt Skip uten ror i åra mellom 1947 og 1951. Seinare skreiv han også sakprosabøker, mellom anna skreiv han soga til Oslo Sporveier.

Fasting døydde i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. IV. Bandet. 1953