Kåre Fuglseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Fuglseth
Fødd 21. mai 1959
Yrke professor, religionsviter

Kåre Sigvald Fuglseth (fødd 1959) er ein norsk religionsvitar og professor ved Universitetet i Nordland.

Kåre Fuglseth kjem frå Ålesund. Han bleicand. philol. frå Universitetet i Trondheim i 1988. Han var tilsett ved Universitetet i Trondheim frå 1990 til 1997 og ved Høgskulen i Volda frå 1997 til 1999. Frå 1999 var han tilsett ved lærarutdanninga i Bodø. Han blei dr. art. i kristendomskunnskap ved NTNU i 2002, med ei avhandling om Johannesevangeliet. I 2008 blei han tilsett som professor i fagdidaktikk ved Universitetet i Nordland. I tillegg var han professor II ved Høgskolen i Sør-Trøndelag frå 2011 til 2013. Frå 2011 har han vore prodekan ved Profesjonshøgskolen under Universitetet i Nordland.

Fuglseth har arbeidd med den gresk-jødiske filosofen Filon frå Aleksandria, og med RLE-faget i norsk skole.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]