Kåre Martinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Martinsen
Fødd 18. mars 1912
Død

1. april 1986

Yrke kunstmålar

Kåre Willy Armand Martinsen (18. mars 19121. april 1986) var ein norsk målar frå Oslo.

Martinsen utdanna seg 1928-30 til reklamemålar ved Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo. Tida 1935-39 studerte han ved Statens kunstakademi i Oslo, der han vart mykje påverka av den danske målaren Georg Jacobsen og hans krav om strikte, formelle komposisjonar. Etter studieturar i Frankrike og Italia let Martinsen seg inspirere av den impresjonistiske målarstilen, særleg arbeid av Pierre Bonnard. Måleria til Martinsen utmerker seg ved «ein djup og glødande koloritt». Hans «tidligste arbeider har en noe tung koloritt, men han arbeidet seg etter hvert fram til en lysere, kontrastrik fargeskala». Martinsen måla både figur- og landskapsbilete. Måleriet «Landskap» frå 1949 finst i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]