Königssee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Königssee
innsjø
Königssee.JPG
Utsyn frå St. Bartholomä
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Tilsig Schreinbach, Obersee, Kesselbach, Eisbach, Königsbach
Utløp Königsseer Ache
Høgd over havet 603 moh.
Lengd 7,7 km
Breidd 1,7 km
Areal 5,218 km²
Middeldjupn 98,1 m
Største djupn 190 m
Koordinatar 47°33′N 12°58′EKoordinatar: 47°33′N 12°58′E
Øyar 1 (Christlieger)
Byar St. Bartholomä, Schönau am Königssee

Königssee
47°33′0″ N 12°58′30″ E
Wikimedia Commons: Königssee
Utsyn frå Malerwinkel
Kyrkja St. Batholomä Church og austsida av Watzmann

Königssee er ein innsjø heilt søraust i Bayern i Tyskland, nær grensa til Austerrike. Han ligg nær den bayerske byen Berchtesgaden, like sør for den austerrikske byen Salzburg i dei tyske Alpane. Königssee (Kongens innsjø) er den djupaste innsjøen i Tyskland. Innsjøen vart danna av isbrear under den siste istida. Han er 7,7 km lang og om lag 1,7 km brei på det breiaste. Bortsett frå utsiget, elva Königsseer Ache ved landsbyen Königssee, er innsjøen omringa av bratte fjell, som Watzmann.

Innsjøen er kjend for det klåre vatnet, og det vert sagt at det et den reinaste innsjøen i Tyskland. På grunn av dette har det berre vore lov med straumdrivne båtar og robåtar på innsjøen sidan 1909. Innsjøen og områda rundt er ein svært populær turiststad.

St. Bartholomä, eit lite og attraktivt kloster, ligg ved innsjøen.

Bakrgunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Königssee

Kjelde[endre | endre wikiteksten]