Hopp til innhald

Kø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kø (fleirtyding).
Kø for å koma opp i Eiffeltårnet.

Kø (frå fransk queue, frå latin cauda, 'hale') er ei rekkje av folk eller anna som stillar seg opp eller venter for på tur[1][2] for å få varer eller tenester etter prinsippet om at ein får betening etter same rekkjefølgje som ein kom.

Sukkerkø i USA under andre verdskrigen.
Køar i ein matbutikk i New York.
Kø ved Sultan Ahmed-Moskeen

Vanlege stader der køar kan oppstå er i matbutikkar, bankar og minibankar, postkontor, billettskrankar, attraksjonar og ved venting på framkomstmiddel som buss, drosje eller ferje.

Køar er eit fenomen i ei rekkje felt, og har vore grundig analysert innan fagfeltet køteori. Innan samfunnsøkonomi er køar sett på som ein måte å rasjonera varer og tenester som det er lite av.