København

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
København
Nyhavn i København
Nyhavn i København
Byvåpenet til København
Byvåpenet til København
Styresmakter
Land
Danmark
Borgarmeister Frank Jensen Edit this on Wikidata
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

88 km²
455,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

509 861
  5 777/km²
1 145 804
Koordinatar 55°43′″N 12°34′″EKoordinatar: 55°43′″N 12°34′″E
Diverse anna
Heimeside: Offisiell side
Plassering
Map DK København.PNG

København er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).[1]

København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Byen blei først berre kalla Havn, Hafnialatin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.

Åtak[endre | endre wikiteksten]

København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658-59, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bygningar og institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Borgarmeister er Frank Jensen (2018).

Kjende personar frå København[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: København
  1. «Statistics Denmark: Copenhagen City/Urban Area (Københavns Kommune, Hovedstadsområdet), 2012 (tables: FOLK1, BEF44)». Statistics Denmark. Arkivert frå originalen den 2012-05-31. http://statistikbanken.dk/statbank5a/default.asp?w=768. Henta 31. mai 2012. . 1 280 371 innbyggjarar 1. januar 2016.