Hopp til innhald

Koji Kondo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kōji Kondō)
For den japanske fotballspelaren, sjå fotballspelaren Koji Kondo.
Koji Kondo

Statsborgarskap Japan
Fødd 13. august 1961 (62 år)
Nagoya
Yrke komponist, pianist, lyddesignar
Språk japansk
Koji Kondo på Commons

Koji Kondo (fødd 13. august 1961) er ein japansk musikar, komponist og lydregissør som arbeider for dataspelutviklaren Nintendo. Han er mest kjend for å ha komponert musikk for dataspela i seriane Super Mario og The Legend of Zelda, i tillegg til andre spel utvikla for Nintendo.

Kondo var opphavleg hyra av Nintendo i 1984, og vart den første personen som var tilsett i selskapet for å spesialisere seg i komposisjonar av musikk til dataspel. Kort tid etter vart han tilsett som lyddesignar i 1985-dataspelet Super Mario Bros. Komposisjonen for dette spelet er rekna som blant dei mest attkjennande innan dataspel.

Kondo er ofte rekna som ein av dei mest framståande komponistane i den popkulturelle sfæren som gjeld dataspel og andre digitale medium.