K-Sentret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

K-Sentret var eit kjøpesenter i Sogndal i Sogn og Fjordane. Kåre L. Navarsete overtok ein gamal landhandel i Sogndalsfjøra i 1958, og i 1969 gjekk han saman med Finn Geithus og opna K-Sentret. Sonen Rolf Navarsete gjekk inn i firmaet i 1976, same året som dei kjøpte Aarskog-bygget på Hermansverk. I 1979 bygde K-Sentret nytt forretningsbygg på 3 000 kvm. vegg i vegg med Sogn Samvirkelag sitt Domus-varehus i Gravensteinsgata. I tillegg til eigne forretningar leigde dei ut til Sogndal Glasmagasin og Ese Våpen og Sport.

Sogningen Storsenter[endre | endre wikiteksten]

I 1998 gjekk K-Sentret og Sogn Samvirkelag saman om å byggja om dei to forretningsbygga til eit 16 000 kvm. stort kjøpesenter. Rolf Navarsete selde sin andel til Amfi i 2011. Dei nye eigarane tok til å utvida sentret med nye 6 000 kvm.

K-Sentret Supermarked[endre | endre wikiteksten]

K-Sentret si daglegvareavdeling heitte K-Sentret Supermarked, og skilta med 3500 aktuelle daglegvarer, billegare heile året. Daglegvarekjeda hadde filial på Hermansverk i det tidlegare forretningsbygget til K. Aarskog. Då K-Sentret gjekk inn i Sogningen Storsenter i 1998 vart daglegvarekjeda lagd ned, og butikkane vart omprofilert til Eurospar (Sogndal) og Kiwi (Hermansverk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]