Noregs KFUK-KFUM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå KFUK)
Noregs KFUK-KFUM

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer957914330
Skipa1880
HovudkontorOslo
Medlemmer17 000
Nettstadhttps://kfuk-kfum.no Sjå dette på Wikidata

Noregs KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon med 17 000 medlemmer fordelt på over 650 forskjellige grupper over heile landet. Organisasjonen har over 5 000 barnemedlemmer, over 7 000 ungdomsmedlemmer og nærare 5 000 unge vaksne og vaksne medlemmer.

KFUK står for Kristelig Forening for Unge Kvinner og KFUM står for Kristelig Forening for Unge Menn. Den likesida trekanten i logoen symboliserer ånd, sjel og kropp, og tyder at KFUK-KFUM tar heile mennesket på alvor.

Noregs KFUK-KFUM utgjer saman med Noregs KFUK-KFUM-speidarar KFUK-KFUM-rørsla i Noreg, som har vel 30 000 medlemmer. Dei to organisasjonane har felles ideologi, men kvart sitt landsstyre og kvar sin generalsekretær.

KFUK-KFUM Global driv KFUK-KFUM-rørsla i Noreg sitt internasjonale arbeid. Noregs KFUK-KFUM er knytt til to store internasjonale organisasjonar, YMCA (Young Mens Christian Association) og YWCA (Young Womens Christian Association). Organisasjonane finst i over 120 land og har 50 millionar medlemmer. Trekantlogoen vert nytta overalt. I Noreg er KFUK og KFUM éin organisasjon, men på verdsbasis er det delt inn i to organisasjonar: YMCA og YWCA.

Noregs KFUK-KFUM vart stifta i 1880 under namnet De Norske Ynglingeforeningers Fællesforbund. Namnet vart endra til Norges Kristelige Ungdomsforbund i 1898, og til Noregs KFUK-KFUM i 198].

Den første Ynglingeforeninga i Noreg (for menn) vart stifta i 1868, medan den første KFUK-foreninga kom i 1887. Fellesforbundet opna for medlemskap for KFUK-foreningar i 1892.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]