KNM «Alta»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Alta» til kai i Oslo.
Namnet og skvadronlogoen til skipet.

KNM «Alta» var ein norsk minesveipar av Sauda-klassen som var i bruk i det norske sjøforsvaret frå 1966 til 1996.

Skipet blei bygd i USA for den amerikanske marinen i berre tre og ikkje-magnetiske metall. Det blei sjøsett i januar 1953, overtatt året etter av den belgisk marinen, før det blei med i den norske marinen den 23. mai 1966.

Etter at Alta blei teke ut av teneste blei det gjort om til eit museumsskip. Dette blir i dag drive på hobbybasis av ei rekke pensjonistar med økonomisk støtte frå private sponsorar.

Til vanleg ligg skipet til kai ved ved Oslo Maritime Kulturvernsenter. Det vitjar òg ulike arrangement langs norskekysten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: KNM «Alta»