KNM «Stegg»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Stegg» var ein norsk torpedobåt bygd ved Marinens Hovedverft i Horten og sjøsett 21. juni 1921. Deplasement var 256 tonn, toppfart 24 knop, bevæpning 2 stk 76 mm kanoner og 4 stk 45 cm torpedorøyr. Mannskapet var på 33 mann.

«Stegg» låg 9. april 1940 i Skudesneshavn, sjef var lt H. M. Hansen. Han gjekk same dag til Hardangerfjorden der han gjekk inn i Hardangerfjord Sjøforsvarsavsnitt. I dagane etter tok Stegg fleire tyske transportskip som prise. «Stegg» vart senka i kamp med tyske marinefartøy ved Herøysund 21. april 1940.

Det finst ein KNM «Stegg» i dag (2006) som er ein MTB i «Hauk»-klassen.